Rolls-Royce satsar på oppgraderingar av thrustarar på riggar og boreskip. Dette er dei største propellane som er å finne offshore i dag.

Det betyr også at dei utvidar servicekapasiteten i Ulsteinvik. Fredag ettermiddag gjekk selskapet ut og informerer om utvidinga, etter at ei svært kort nyheitsmelding vart kjend torsdag. Rundt 200 er tilsett ved dette servicesenteret.

Forventar vekst

Oppgraderinga av senteret skal vere ferdig mai 2016. Dette vil gjere Rolls-Royce i stand til å handtere fleire store thrustarar frå riggar og boreskip som treng service og reparasjon.

– Propulsjonsområdet, som fabrikken i Ulsteinvik er ein del av, står for den største delen av vår globale serviceverksemd. Det er her vi forventar sterkast vekst i ettermarknaden i framtida, seier Helge Gjerde, leiar for Commercial Marine i Rolls-Royce.

Totalrenoverer hall og uteareal

Dette er hallen som skal pussast opp. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Høghallen i Ulsteinvik skal totalrenoverast, og eit uteareal på sju tusen kvadratmeter skal rustast opp for utandørs og innandørs lagring. Det blir også investert i nye kraner til eksisterande servicehall, opplyser Rolls-Royce fredag ettermiddag. Tidlegare i sommar vart kontora utvida og oppgradert.

Til saman utgjer dette ei investering på nær 40 millionar kroner, opplyser selskapet.

– No har vi fått mulegheita til å nytte ein periode med lavare aktivitet i offshoremarknaden til å bruke ressursar og tid på ei etterlengta oppgradering her i Ulsteinvik. Det er vi veldig glade for, og det viser at vi har ein eigar som er langsiktig, seier Geir Sundal, leiar for Marine Services i Ulsteinvik.

Satsingsområde for Rolls-Royce

Geir Sundal, leiar for Marine Services (t.v.), plassjef Dag Skarbø og kommunikasjonsdirektør Anette B. Wollebæk. Foto: Anne-Mari Tomasgard

– Service på utstyr til skip og riggar er eit viktig satsingsområde for Rolls-Royce Marine, seier Helge Gjerde, leiar for Commercial Marine i Rolls-Royce.

– Denne delen av vår verksemd er mindre syklisk enn nysal, og dermed ekstra viktig når vi opplever nedgangtider i den globale nybyggings-marknaden, seier Gjerde.

Dette er gode nyheiter. I august var det varsla at så mange som 600 truleg må gå frå jobbar i Rolls-Royce her i landet.

Opp mot 30.000 fartøy seglar med utstyr frå Rolls-Royce, ifølgje selskapet. Servicesenteret i Ulstein er eit av 28 senter der Rolls-Royce betener ettermarknaden verda over. Propellfabrikken i Ulsteinvik, inkludert servicesenteret, har til saman rundt 500 tilsette.

Rolls-Royce-fabrikken i Ulsteinvik utviklar og produserer propellar av ulike typar til ulike fartøy, som ankerhandterarar, plattform forsyningsskip, fiskefartøy, oljeriggar, ferjer og handelsskip.

Har forventa fleire service-oppdrag

I fjor sommar opna Rolls-Royce eit nytt maritimt servicesenter i Bergen - nummer 37 i rekkja av slike senter som offshoreleverandøren har på verdsbasis.

Smp.no skreiv då at Rolls-Royce i dag har servicesenter i Ulsteinvik, og nokre av skipa som før kom hit - var venta å velje Bergen i framtida.

Men kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk var den gong ikkje redd for at avdelinga på Sunnmøre skal få for lite å gjere.

– Vi meiner dette blir eit supplement. Det blir utført mange jobbar i Ulsteinvik i dag, og mykje av det går på propellar. Vi trur det nye senteret i Bergen snarare vil auke den totale mengda oppdrag for Rolls-Royce, enn at oppdragsmengda vil gå ned på Sunnmøre, sa Wollebæk til smp.no i fjor sommar.

Ulstein Propeller AS vart stifta i 1965, og er no ein del av Rolls Royce-konsernet. Fabrikken er ein av åtte produksjonsstader konsernet har i Norge.

Dette er hallen som skal pussast opp. Foto: Anne-Mari Tomasgard