45 nye oppdrettskonsesjonar skal delast ut, og konkurransen er knallhard. 250 søknader har kome inn til Fiskeridirektoratet, men då har det kome både 20 og tretti frå kvar av dei største selskapa. Ein outsider på søkjarlista er Norsk Sjømat Oppdrett AS på Stranda. Selskapet, som er ein del av Norsk Sjømat-konsernet, eig alt ein konsesjon, som er leigd ut.

– Vi treng fleire konsesjonar slik at vi kan skaffe oss råstoff til produksjonen, seier administrerande direktør Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat.

– Korleis vurderer du sjansane til å vinne fram?

– Vi reknar med å få, seier Grøndahl optimistisk.

Arbeidsplassar

Norsk Sjømat vidareforedlar laks, og Grøndahl meiner det er eit godt argument for å få av dei nye konsesjonane.

– Ein konsesjon skaper berre eit par arbeidsplassar i seg sjølv. Men vi driv vidareforedling i Norge. Så ein laksekonsesjon til oss vil gi maksimalt med arbeidsplassar her i landet. Og vi treng eige råstoff. Vi kan ikkje leve med at prisane svingar opp og ned med ti kroner på kort tid, seier Grøndahl.

Det er ein omstendeleg prosedyre for denne konsesjonsrunden. Det er tydeleg at styresmaktene vil unngå ein reprise på den førre, då det vart mange rettssaker i ettertid. Fleire av dei som fekk konsesjon selde dei dessutan etter relativt kort tid – med skyhøg forteneste. Selskapa i Sør-Norge konkurrerer i ein lukka bodrunde og i «open klasse».

– Vi har lagt inn bod, men eg fryktar at vi har lite å stille opp med i forhold til dei store lakseselskapa på børsen. Med dei lakseprisane som er i dag kan dei betale nesten kva som helst, seier Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat.

Nytt selskap

Eit anna nyetablert selskap som har meldt seg på er Prophylaxia AS med adresse Vikebukt. Kontaktperson er Bjørn-Vegar Løvik, som i si tid starta opp Villa Laks.

– Vi ønskjer konsesjon slik at vi kan ta i bruk ein ny metode for å motverke lakselus, seier Løvik.

Også Aqua Farms Vartdal, Fjordlaks Aqua og Øyfisk i Midsund har søkt, til liks med storselskapa i regionen Marine Harvest og SalMar.

Sjå også: Syvdelaks til topps i USA

Les nyheiter frå næringslivet på smp.no

<strong>Søkjer:</strong> Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat på Stranda.
<strong>Søkjer:</strong> Bjørn-Vegar Løvik på Vikebukt har stifta nytt selskap.