No vil Stryn kommune, Moods of Norway og Nordfjord Kjøtt kvitte seg med senteret - samstundes er det klart at senteret vil halde ope inneverande sesong med planlagd opning 29. mai.

Rådmann Per Kristian Storevik i Stryn legg ikkje skjul på at han ønskjer eit sommarskisenter i kommunen i framtida.

– Det betyr uendeleg mykje for Stryn som destinasjon, og mykje for næringslivet. Vi ønskjer ein eigar med evne og vilje til å drifte senteret, seier han til smp.no.

Følg smp.no på Facebook

Lån til drift

Driftsselskapet, Stryn Sommarski, er å rekne som konkurs - og difor må Stryn Sommerskisenter Eigedom stå for drifta.

Til dette er det søkt om lån på saman 390.000 kroner.

– Vi skal få til drift i år. Det er allereie ein del bedrifter som har gått inn med støtte, og vi har fått positive signaler frå kommunen, seier styreleiar Ola Flo i eigedomsselskapet.

Stryn kommune er beden om 150.000 kroner, noko formannskapet skal ta stilling til i eit møte onsdag 14 mai. Moods of Norway er beden om 100.000 kroner.

Truleg vert det snakk om ein kort sesong med stenging allereie i slutten av juni. Breheisen vert ikkje opna, og truleg vert det ikkje lagt ned mykje arbeid for å lage til terrengpark.

Tapt millionar

Dei tre lokale investorane har spytta inn nær fire millionar kroner i eigedomsselskapet dei siste åra, og samstundes tapt pengar på driftsselskapet.

Likevel har det ikkje lukkast å halde skisenteret flytande økonomisk. Inntektene i 2013 vart halvert, samanlikna med året før.

I eit notat som mellom anna er sendt til ordføraren i Stryn, legg ikkje Jan Egil Flo i Moods of Norway skjul på at investorane no meiner dei har tapt nok pengar, og at det nærast må vere å rekna som ein offentleg oppgåve å halde skisenteret ope slik tilhøva og klimaet har utvikla seg.

I ein epost til smp.no begrunnar han salet med at dei ønskjer å ha inn ein eigar med kunnskap og tid til å drive senteret.

Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt var ikkje tilgjengeleg for kommentar fredag.

Les også: Sommarskisenteren vart redda

Salssum: Ein halv million kroner

I saksframlegget til formannskapet skriv rådmannen at ein føresetnad for at kommunen skal gi lån, bør vere at det ligg klar ein intensjonsavtale om sal av eigedomsselskapet til ein ny eigar.

I eit utkast til avtale med Idar Åbøen frå Skjåk, er salssummen sett til ein halv million kroner.

– Det verkar billig for eit skisenter?

– Det er veldig billig, og det er verdiar for langt over det i selskapet. Men det er ikkje avgjerande om summen vert ein halv million eller ein million. Det viktigaste er at det blir selt til rett person med kunnskap om drift og med ein oppriktig hensikt til å drive anlegget framover, seier Ola Flo i eigedomsselskapet.

Flo meiner dei skal rekke å legge ein intensjonsavtale med Åbøen på bordet til formannskapet i Stryn handsamar saka neste veke.

– Men i avtalen står det at eigarane har rett til å gå ut i marknaden for å sjekke marknadsverdien, og vi vil i løpet av kort tid gå ut med eit prospekt, seier Flo.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Gjeld på 2,5 millionar

Konkursen for driftsselskapet Stryn Sommerski, skal ifølgje dagleg leiar, Magne Brekke, vere meldt inn til Brønnøysundregistrene. Men han opplyser at det førebels manglar nokre papir før det vert offentleggjort konkursopning.

– Driftsselskapet har pådrege seg for stor gjeld og er konkurs, stadfestar Brekke til smp.no.

– Drifta av sommarskisenteret har gått overende fleire gonger - er det muleg å drive med overskott?

– Det er ein utfordring, ikkje minst på grunn av lengda på sesongen. Men vi har slitt med etterslep på vedlikehald, og var samstundes maksimalt uheldige med at sesongen i fjor vart veldig kort, påpeiker han .

– Er du skuffa over at investorane ikkje vil vere med lengre?

– Nei, lokalpatriotismen for sommarskisenteret er stor, men viljen til å løfte senteret er skuffande liten. Vi fyller opp ein del campingplasser , og hytter, og gir omsetnad til butikkar på eit tidspunkt med få besøkande, og mange ser det. Men alle håpar at nokon andre skal ta rekninga, seier Brekke.

Han samanliknar skisenteret med ein lokal fotballklubb, som ein kanskje ikkje kan ha store forhåpningar om økonomisk utbytte frå.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no