Båten skal byggjast ved Myklebust Verft, og skal leverast til Ålesund-selskapet Sølvtrans.

Dette er Rolls-Royce sin tredje båt av denne typen til Sølvtrans, dei to første vart levert frå eit verft i Spania.

Kontrakten har ein opsjon på bygging av eit fartøy nummer to hos Kleven. Kontrakten vart offentleggjort under feiringa av Kleven sin 100-årsdag laurdag.

Avgjerande

– Eg er glad for at vi skal bygge vårt neste fartøy på Myklebust Verft og i Sande kommune, seier konsernsjef i Sølvtrans, Roger Halsebakk, som opphavleg kjem frå Sandsøya.

– Kvalitet, funksjon og nærleik til verftet har vore avgjerande i vårt val av design og verft, seier Halsebakk ifølgje pressemeldinga frå Kleven.

Rekord-kontrakt

Brønnbåten får ein kapasitet på 3.200m3, og kan frakte opp mot 500 tonn levande fisk fordelt på tre tankar.

For Fosnavåg-baserte Havyard MMC er dette deira største kontrakt så langt. Dei skal levere eit lukka system som ikkje gir utslepp til sjø, og tankane vert ustyrte med filter og system for oppsamling og destruering av lus, til ein verdi av rundt 70 millionar kroner.

– Dette er så langt den største kontrakten for Havyard MMC, opplyser selskapet.

Styremaskin

Rolls-Royce Marine skal i tillegg til design også levere mellom anna thrusterar, ror og styremaskin, elektrosystem, automasjonsanlegg og vinsj.

Forventa leveringstidspunkt frå verftet er mars 2017.