Teltet for ungane var fullt heile tida, der dreiv dei med båtbygging og båtteikning.

Sjå video til høgre (på pc). Foto/redigering: Carl-Henrik Moltumyr, Thomas Tarberg

- Tilsette ved verftet har førebudd feiringa i fleire dagar, fortel Ellen Kvalsund ved Kleven Verft.

Den nye boka om Kleven-konsernet, «Bit for bit. Båt for båt», vart presentert av forfattar Torill Myren.

Og det var mykje lokal kultur. Kleven-bandet er sjølvskrivne. I tillegg song og spelte Ulstein mannskor, Sirene, Bojah Crew, Gursken Brass, Amalie Bøe Opsal, og ikkje minst Ingebjørg Bratland.

Det var også urframføring av Sande-songen, der Martine Almestad Hauge leia an.

- Å feire ein stor dag midt i dei usikre tidene vi har no, det er no litt ambivalent, så akkurat no så var det ekstra kjekt at vi fekk ei ny kontrakt denne veka som vi kunne kunngjere for alle dei tilsette i dag, seier styreleiar Kjersti Kleven.

Amalie Bøe Opsal imponerte stort som gjest ilag med Ingebjørg Bratland på scena ilag med Kleven Band. Foto: Carl-Henrik Moltumyr
Boja Crew tok heilt av på scena med imponerande framføring. Foto: Carl-Henrik Moltumyr
Boja Crew tok heilt av på scena med imponerande framføring. Foto: Carl-Henrik Moltumyr
Oscar Fjørtoft imponerte med standup. Foto: Carl-Henrik Moltumyr
Her ser vi store delar av Kleven-konsernet som inponerer med fleire songar: F.v Ole Kristensen (prosjektdirektør ), Leif Arve Nydal (representerer bankforbindelsen til Kleven), Eileen Brandal Hareide (prosjektleiar), Ståle Rasmussen (konsernsjef), Terje Høydahl (produksjonssjef Kleven Verft), Bertil Tødenes (trommer), Øystein Djupvik (bass ) ( prosjektleiar), Tore Roppen (produksjonsdirektør)
Asbjørn Kleven speler trompet som gjest i dag. Han er ein av dei fire grunnleggjarane av Kleven! Foto: Carl-Henrik Moltumyr
Torbjørn Baade (11) og Sigfred Worren Nystøyl (12) viser fram båtane dei har laga i løpet av festen. Foto: Carl-Henrik Moltumyr