I går opna dagleg leiar i Stadt AS, Hallvard Slettevoll, Stadt Maritime Senter, som han til og med har teikna sjølv.

Medan han overlèt til dottera Kamilla å stå for sjølve snorklippinga.

– Eit bygg til over 30 millionar kroner, i Gjerdsvika. Det var det ikkje berre lett å få finansiert, seier Hallvard Slettevoll.

(Saka held fram etter biletet.)

Hallvard Slettevoll, dagleg leiar i Stadt AS, fekk dottera Kamilla Slettevoll til å hjelpe seg med å stå for den høgtidelege opninga av nybygget i Gjerdsvika. Foto: Terje Engås

Fekk nei

Han var innom fleire bankar som sa nei, før han fekk napp hos DnB. I tillegg har Innovasjon Norge vore ein god støttespelar.

Men han hadde jobba med byggeplanane i årevis, og hadde slett ikkje tenkt å gje seg. Stadt AS trengde meir plass, og måtte ha nybygget på plass.

– Takka vere mange flinke underentreprenørar, mange frå Måløy, klarte vi det, seier Slettevoll.

Stadt-sjefen fortel at bedrifta har vakse stort både i omsetning og i talet på tilsette dei to siste åra.

Mange ordrar

– Og utsiktene framover er gode, sjølv om også vi merkar at marknaden er meir krevjande enn før. Vi har likevel mange ordrar no, og det kjem stadig nye til. Med dette bygget kan vi vekse vidare til nye høgder, sa Slettevoll.

Han håper andre også vil satse i Gjerdsvika, og bad politikarane stå på for å få på plass den vedtekne hamneutbygginga.Og det lova ordførar Dag Vaagen (H) å gjere:

– Sande kommune har inngått avtale med kystverket om utbygginga her, og etter planen skal arbeidet ta til i 2017. Kommunen har lagt inn pengar til å dekke sine forpliktingar i prosjektet, sa Vaagen – som overrekte Stadt-sjefen eit bilete av nettopp den barske kysten ved Stad.