Dette 3000 kvadratmeter store bygget til over 30 millionar kroner er bedrifta si største investering nokon gong.

Deira nyaste produkt er Stadt Stascho, ein patentert omformar for turtals- og effektregulering av alle typar elektromotorar opp til 80 MW.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

På opningsdagen stod mellom anna eit historisk attersyn på Stadt AS si 30 årige historie på programmet. Det same gjorde servering av bacalao, kaffi og kaker - og så blei det sjølvsagt omvisning i det nye bygget i Molovegen 2 i Gjerdsvika.