Utover tirsdagen vil til saman 2100 tilsette i Rolls-Royce Marine på Sunnmøre bli orientert om den planlagde nedbemanninga. Måndag vart det kjent at selskapet skal fjerne rundt 600 tilsette i divisjonen.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Allmøta er på ulike tider utover dagen, men ved 13-tida var dei tilsette i Ulsteinvik ferdige med sitt møte.

– Dette vert ikkje lysteleg for Ulsteinvik. Det er alt eg kan seie, seier ein tilsett som ikkje vil ha namnet sitt i avisa. Han reknar med å vere ein av dei som må gå, og var budd på å få oppseiingsbrev i løpet av kort tid.

– Interne møter

Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk seier til smp.no at møta er interne og at media difor ikkje var velkomne.

– Heller ikkje fagforeiningane ønskjer å snakke med media i dag, opplyser Wollebæk.

Wollebæk legg til at dei tilsette ikkje vil få vite kor mange som må gå på kvar enkelt plass i dag. Her vil det bli ein prosess framover, og ein må gjennom drøftingar.

Seinare tysdag tok likevel tillitsvald i Fellesforbundet på Longva, Bjørn Kåre Høistad, bladet frå munnen.

Les også: – Dramatisk for dei som misser jobben

Les også: Kutt rammar hardt på SunnmøreLes også: Rolls-Royce reduserer med 300Les også: Har kutta 125 i administrasjonen

300 av 2300 tilsette

Rolls-Royce har 2300 tilsette i Norge, og måndag blei det klart at konsernet vil fjerne 300 av desse stillingane.

Ifølgje Wollebæk jobbar om lag 2100 av Rolls-Royce sine tilsette i Norge på Sunnmøre. I underkant av 500 jobbar i Ålesund. Like mange jobbar i Brattvåg i Haram kommune. Ved avdelinga på Longva, også det i Haram, jobbar cirka 200.

I Ulsteinvik jobbar til saman mellom 600 og 700 på fabrikk og ingeniøravdeling, medan avdelinga i Hjørungavåg i Hareid kommune har mellom 200 og 250 tilsette.