Avtalen med bankane er betinga av obligasjonseigarane si godkjenning, opplyser Havila i ei børsmelding. Havila har mellom anna eit usikra obligasjonslån på 500 millionar kroner som forfell i august.
Les også: Obligasjonseierne er joker i finansplan
Avtalen er også betinga av tilførsel av minimum 200 millioner kroner i ny eigenkapital, melder Havila Shipiping.
Vil nedskrive aksjane kraftig
Styret foreslår samtidig at aksjane sin pålydande verdi blir nedskriven til så lavt som 0,50 kroner per aksje. Pålydande verdi er i dag 12,50 kroner. Kort tid etter at Havila sende ut børsmeldinga, fall aksjeverdien på Oslo Børs raskt frå 3 kroner, og var nede på 2,20 klokka 11.30.
Tysdag morgon vart det også kjend at Havila har mista ein langsiktig kontrakt i Brasil for supplyskipet Havila Princess. Det er det statlege selskapet Petrobras som har avslutta kontrakten, til fordel for båtar under brasiliansk flagg.
Sævik-familien vil teikne nye aksjar
Tyngende gjeld for redere
Avtalen med bankane er betinga av at obligasjonseigarane går med på tilsvarande endringar innan 31. januar. Det er også krav om minimum 200 millionar kroner i ny eigenkapital innan 15. mars.
Dersom obligasjonseigarane ikkje skulle gå med på avtalen, vil Havila likevel søke å utvide aksjekapitalen med 200 millionar kroner. Styret foreslår at aksjane sin pålydande verdi blir nedskriven til 0,50 kroner per aksje. Pålydande verdi er i dag 12,50 kroner. Dette kjem opp i ekstraordinær generalforsamling 26. januar.
– Dette vil innebere ei betydeleg utvatning av selskapets eksisterande eigarar som ikkje deltar i emisjonen, skriv Havila i pressemeldinga. – Etter å ha vurdert andre alternativ, er selskapets styre likevel av den oppfatning at slik forskjellsbehandling vil vere sakleg i selskapets finansielle situasjon, gitt rådande marknadsforhold, betingelsane for den avtalte refinansieringa og selskapets behov for fleksibilitet i arbeidet med å sikre ytterlegare eigenkapital, skriv selskapet.
Spår konkurser i offshoreWestshore
Les også: Dette gjør rederiene for å få det beste ut av 2016