Onsdag blei det kjent at Rolls-Royce Marine legg ned fabrikk i Hjørungavåg med 200 tilsette. Også 14 tilsette i hjørnesteinsbedrifta Rolls-Royce Marine AS Automation Longva har fått den tunge beskjeden om at dei ikkje lenger har jobb i bedrifta.

Det internasjonale konsernet er i ferd med å gjennomføre store kutt i arbeidsstokken på Sunnmøre. Og Rolls-Royce er ikkje åleine om å seie opp folk for tida.

Les også: Merkar mindre smil og latter i bedriftene

– Vi er ikkje i noko særstilling, men vi er meir sårbar enn bedrifter i tettbygde strøk og på fastlandet. Men no er jo også Ålesund-området ramma, for det er ikkje ledige arbeidsplassar der heller, seier Bjørn Kåre Høistad, den erfarne klubbleiaren som står i front for Fellesforbundet i den tøffe tida for verksemda, som i dag har 200 tilsette ute på Longva.

Hjørnesteinsbedrift

For å kome til og frå Longva må du ta ferje. Flemsøy/Skuløy har bru til Haramsøya, og det er rundt 1.100 innbyggjarar på dei to øyane til saman.

– Bedrifta her er hjørnesteinsbedrift, og vi har ikkje råd til å miste ein einaste arbeidsplass, seier Høistad.

– For meg er det ikkje så gale. Eg har lært mykje her og fått erfaring, seier Haram.

– No har eg fått noko å skilte med på CV-en, så då blir det enklare, trur Haram som har søkt jobb ulike plassar, blant anna på elektronikkbutikk på Moa.

Bittert

Haram har hatt planar om å gå meir på skule, men ikkje heilt enno. No reknar han med å måtte flytte frå øya, men ser ikkje vekk frå at han kan kome tilbake:

30. september har han siste dag på jobben.

– Det er bittert å måtte gå, men slik er det berre. Eg ser nye moglegheiter, seier 22-åringen, som er ung og flyttbar, utan store lån eller forsytaransvar.

Høistad understrekar at Haram nok er eit unntak. Det er ikkje alle som har ein slik reaksjon på å miste jobben. Høistad er ein av over 30 klubbleiarar frå ulike forbund i konsernet som står midt oppe i eit krevjande arbeid.

– Vi har dyktige tillitsvalde. Og både arbeidsgivar og tilsette er nøydd til å handtere dette på ein profesjonell måte. I slike situasjonar er det uhyre viktig at vi har lover som tydeleg seier kva som er arbeidstakar sine rettar, seier Høistad.

Han viser blant anna til retten ein har til forhandlingsmøte og til å krevje skriftleg grunngiving for at nettopp du er valt ut.

– Det skal ikkje vere lett å seie opp folk utan vidare. No er vi i ein situasjon der folk forstår at ein må ta grep, men det er like trasig for det, seier Høistad.

Stolpetru på framtida

Han har vore tillitsvald i fleire år og vore med på permittering tidlegare. Men det er første gong bedrifta er ramma av oppseiing.

– Dette er ein situasjon verken tilsette eller leiing har erfaring med. Heldigvis har vi lovverk og avtaleverk som styrer mykje av prosessen, seier Høistad.

Etter at kutta blei kjende har dei hatt møte kvar månad og elles etter behov. Og han meiner det har vore eit godt samarbeid med leiing både sentralt og lokalt.

– Heile prosessen har vore ryddig og etter boka. Men Rolls-Royce Marine er ikkje ferdig med kutta.

– No har vi vore gjennom bølgje nummer éin og teke vel halvparten av dei som skal ut. I slutten av august og september går vi inn i bølgje nummer to, og korleis det vil ramme denne bedrifta, veit vi enno ikkje, seier Høistad.

– Dette skaper uvisse, uro og uvisse om framtida. Likevel har folket her stolpetru på framtida og er optimistar så det held, seier Høistad og legg til:

– Dei som har fått melding om oppseiing, står på og jobbar og let ikkje oppseiinga gå utover det dei skal gjere. Men det er klart det pregar dei. Folk spør «kva blir det neste». Det er ei grense for kor langt ein kan gå med tal tilsette i ei produksjonsverksemd.

Høistad skulle gjerne sett at det gjekk an å vedta at oljeprisen skal stige igjen, for å kome ut av krisa.

– Oljeprisen klarer vi ikkje å styre herifrå, konstaterer han, og håpar likevel at marknaden dei jobbar i skal betre seg.

Dagen etter at Sunnmørsposten var på Longva, kom nyheita om at Rolls-Royce-fabrikken i Hjørungavåg skal leggjast ned.

– Fryktar du Longva blir den neste?

– Nei!