Men Elisabeth Røbek Nørve (H) innrømmer at det ikkje er lett å vite kva som er rett å gjere.

Helseminister Bent Høie (H) anbefalte i dag fredag å legge ned akuttkirurgien ved Volda sjukehus. Også Nordfjord sjukehus kan miste akuttkirurgien. Elisabeth Røbek Nørve i regjeringspartiet Høgre sit på Mørebenken.

  • Røbek Nørve startar med å presisere at det er ingen sjukehus som skal leggjast ned. Volda sjukehus skal bestå, lovar ho.

  • Den planlagde kirurgien i Volda skal også bestå, lovar Røbek Nørve.

Ingenting er bestemt

Det er heller ikkje avgjort at akuttkirurgien skal leggjast ned i Volda og Nordfjord. Det er helseføretaka sjølve som skal bestemme.

– Eg ser at dei mindre sjukehusa er i ein utsett situasjon på grunn av lite befolkningsgrunnlag, i område der det er vanskeleg å få seks-åtte kirurgar i døgnvakt, seier Møre-politikaren.

– Samtidig må operere tilstrekkeleg mange for å oppretthalde kvalitet. Situasjonen er at meir enn halvparten av dei som er alvorleg sjuk og har behov for akuttkirurgi, i dag blir sendt direkte til dei store sjukehusa, seier ho.

Volda sjukehus dekker i dag ei befolking på 42.000, ifølgje Røbek Nørve.

Domino-effekt?

– Men dersom akuttkirurgien blir lagt ned, kan vi få ein dominoeffekt der også andre funksjonar «naturleg» blir plukka bort?

– Nei. Folk lever lenger, og det blir fleire med livsstilssjukdommar. Då treng vi fleire sjukehus i nærleiken av der vi bur. Vi treng alle sjukehusa i framtida, seier Røbek Nørve.

Dermed seier Nørve noko anna enn Fredric Holen Bjørdal (Ap), som trur regjeringens plan vil bety at sjukehuset i Volda endar opp som eit distriktsmedisinsk senter.

– Målet med planen er at sjukehusa i framtida skal samarbeide meir i team og i nettverk. Dette er bevist at dei kan gjere, til og med i akuttsituasjonar. Som eksempel kan vi vise til Sogn og Fjordane. Der fungerer dei tre sjukehusa som eitt: Førde, Lærdal og Nordfjord, seier stortingspolitikaren.

Føden

Røbekk Nørve fortel at ho særleg er opptatt av situasjonen for fødande.

Ho ser mulegheita for å få til ordningar der ein kirurg kan vere bakvakt.

– Det eg har vore opptatt av er fødande som treng keisarsnitt. Behovet for eit slikt akuttinngrep vil kanskje skje ein gong i året. Det er ikkje mykje, men når det skjer er det alvorleg, seier Røbek Nørve.

– Mulegheitene i framtida, tenker eg, er også å bringe kirurg i helikopter frå Ålesund, seier Røbek Nørve.

Ikkje lett å vite

Elisabeth Røbekk Nørve innrømmer samtidig at det ikkje er lett å vite kva som er rett å gjere.

– Særleg innan akutt kirurgi kan vi få problem med å bemanne både små og store sjukehus, seier Røbek Nørve.

Styrke ambulanse-tenesta

– Men vil det det ikkje då bli behov for å frakta fleire pasientar til Ålesund sjukehus?

Ho understrekar at dette er skal vere ein plan som skal gje trygge sjukehus og betre helsetenester.

– Eg vil også understreke at innbyggjarane som soknar til Volda sjukehus, uansett hva som måtte skje, skal føle seg trygge på at de vil få den beste kvalitet på helsehjelp ved behov. Dette er det helseforetaket si plikt å arbeide for, understrekar Elisabeth Røbek Nørve.

Gjer som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook