Det har vore ei jamn straum av både unge og gamle til Rådhuset i Skodje torsdag for å gi si stemme.

– Det er lågare oppmøte enn ved vanlege val. Men det som er positivt, er at det har vore mykje ungdom inne og stemt, seier funksjonær Gunnar Grindvik.

LIVE-STUDIO: Få siste nytt om valet

Innbyggjarane i Skodje får velje mellom to alternativ når dei i dag går til folkerøysting: Å bli ein del av Ålesund storkommune, eller Storfjorden kommune.

– Pest og kolera

To som har vore innom for å stemme er Randi Grindvik og Stella Engebretsen. Grindvik har stemt for Storfjord.

– Eg har stemt på Storfjord fordi eg er redd for å bli ein utkant av Ålesund. Og fordi Ålesund har så stor gjeld, seier ho.

Viser veg Innbyggjarane i Skodje har blitt varsla om valet på SMS, og det er satt opp skilt til vallokala. Foto: Sofie Svanes Flem

Grindvik meiner valet står mellom pest og kolera - men når ho først må gå for eitt alternativ, meiner ho at folket i fjorden må stå saman.

Engebretsen er kritisk til heile prosessen.

– Eg trur det er mange som føler at det ikkje er eit demokratisk val når vi går til urnene i dag.  Vi har ikkje vore inkludert i prosessen, seier Engebretsen.

– Og dette er jo berre ei rådgjevande røysting. Blir vi høyrt? Det står att å sjå, seier Randi Grindvik.

Stemte for framtida til Anna

Arne Lid Skodje og Beate Nørvåg stemte på si side på Ålesundskommune.

– Det er viktig å vere med å påverke. Vi tenker å bli verande her, og då gjeld det vår og ikkje minst Anna si framtid. Då er Ålesund mest framtidsretta, seier Arne med dottera Anna på fanget.

Paret jobbar i Ålesund.

– Eg bruker mykje av både kulturtilbod og butikkar der. Då vil eg og vere med å påverke kva som skjer i Ålesund.

Anna si framtid Foto: Arne Lid Skodje, Beate Nørvåg og lille Anna var innom Rådhuset i Skodje. - Det er viktig å stemme, det handlar jo om framtida vår - og Anna si, seier pappa Arne.

Dei er ikkje redd for å drukne i storkommunen.

– Vi vil nok ha påverkningskraft. Hadde det berre vore Skodje hadde det vore ein ting, men saman kan småkommunane få ei sterk stemme i det nye kommunestyret, meiner Beate Nørvåg.

Ny vestlandshovudstad

Også Anton og Ellen Molnes stemte for Ålesund.

– Eg meiner vi må ha ein stor region, og byggje opp Ålesund som ein vestlandshovudstad igjen, seier Anton Molnes.

Vil til Ålesund Anton Molnes har stemt på regionkommune med Ålesund.

Dei trur mange i Skodje har negative erfaringar frå tidlegare reformer, og er redde for å forsvinne.

– Men no må me tenke framover, seier Ellen Molnes.

Torsdag er det folkerøystingar i 13 kommuner på Sunnmøre. Trykk på kommunane i kartet for å se kva alternativ dei stemmer over.

MEIR FRÅ SKODJE:

– Unge avgjer valet

Ordføraren: Gir gjerne frå seg ordførarkjedet