Statens vegvesen er i full gang med ei storstilt utbetring av tunnelar landet over.

På Sunnmøre er det sju tunnelar over 500 meter som står for tur slik at dei skal oppfylle Tunnelsikkerheisforskrifta. Målet er å redusere ulykker og heve branntryggleiken.

I samband med arbeidet hadde Statens vegvesen nyleg møte med ulike partar for å få innspel til kva dei bør ta omsyn til ved trafikkavviklinga, heiter det i ei pressemelding frå vegvesenet.

– Krise for turismen

Full opprusting av Godøyatunnelen er også mellom tunnelane som skal utbetrast. Her frykta reiselivet for at tunnelen ville bli stengt i den travlaste turisttida.

– Å stenge tunnelen heilt vil vere krise for turismen frå mai ut august, heiter det i eit innspel frå reiselivet.

Les også: Ja til å bruke 360 mill. på Godøytunnelen

Vegvesenet kunne dempe frykta, og opplyste at det ville vere muleg å starte arbeidet her frå september neste år.

Det kom også forslag om å ta Godøytunnelen og Ellingsøytunnelen samtidig, og fortsette med Valderøytunnelen når arbeidet nærmar seg slutten i Ellingsøytunnelen.

Her skal dei arbeide

Tunnelane som skal utbetrast er:

  • E39 Blindheimstunnelen og Moatunnelen: planlagt utbetra frå hausten 2016 til hausten 2017.

  • E136 Hatlaåstunnelen: planlagt utbetra i skuleferien, med heilt stengt tunnel i 10-12 veker frå juni 2017- august 2017.

  • Riksveg 658 Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen: planlagt utbetra frå hausten 2017 til hausten 2018.

  • Fylkesveg 658 Godøytunnelen: planlagt utbetra frå hausten 2017 til våren 2019.

  • E39 Rotsethorntunnelen: planlagt utbetra frå våren 2017 til våren 2018.

I tillegg skal Gyltunnelen på rv.70 i Tingvoll kommune utbetrast i 2017, og Innfjordtunnelen og Måndalstunnelen på europaveg 136 frå august 2016 til mai 2018.

Ikkje bestemt

Trafikkavviklinga for dei sju tunnelane er ikkje avklart enno.

– Skal ein gjere mest mogleg samtidig og bli kjappast mogleg ferdig, eller skal ein strekke det ut i tid for å gjere det litt enklare for trafikantane mens det blir arbeid i tunnelane, spurte prosjektleiar  Ole Kristian Birkeland partane på møtet.

Samen med kommunane, naudetatar, reiseliv- og transportnæring – og trafikantar vil vegvesenet helde fram planlegginga for å dempe ulempene arbeidet fører til.

Les referat og innspel frå møtet her (ekstern lenke)

Her skal dei arbeide: Interaktivt kart på heimesida til vegvesenet