Møre og Romsdal har sagt nei til å vere med i eit Vestlandsfylke, men no ber ordførarar i Nordfjord Stortingsbenken frå fylket om hjelp til å få fylket i nord til forhandlingsbordet om regionreforma, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

Leiar Leidulf Gloppestad (Sp) i Nordfjordrådet påpeiker at kommunar på Søre Sunnmøre har et nærare samarbeid med Nordfjord, enn dei har nordover i eiga fylke.

– Vi har kommunar som har eit nært og sterkt forhold til kommunar på Sunnmøre, så det at ein ønskjer å forsterke det i ein sånn prosess er heilt naturleg, seier leiar i Nordfjordrådet, Leidulf Gloppestad (Sp) til kanalen.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) er samd med nordfjordingane om at Møre og Romsdal må vere med for å få ein sterkare vestlandsregion, og vil ta opp mulegheita for en felles strategi med dei andre politikarane frå fylket.