– Den har gitt innsikt i norsk kulturhistorie gjennom litteratursosiologi om diktande, lesande og skrivande bønder på 1600- og 1700-talet. Han har sett historia nedanfrå og levert orginale bidrag på eit område som har vore viktig, men lite utforska. I tillegg har han vore ein viktig bidragsytar innanfor andre humanistiske emne, som terminologi, stadnamn og folkemusikkhistorie, heiter det i grunngjevinga.

Han vart cand. philol i 1954 med ei avhandling om Olav Duun. I 1955 vart han lektor ved Telemark landsgymnas, før han vart ansatt ved lærarskulen i Volda i 1958. I 1970 vart han høgskulelærar ved den da nye skulen Møre og Romsdal distriktshøgskulen, Volda.

Der var han dosent i nordisk litteratur fram til han gjekk av i 1990.

Han har gitt ut fleire bøker. Den siste, «Den gløymde litteraturen», kom i 2015.