Også på Moltustranda i Herøy har det vore ei trafikkulykke, laurdag ettermiddag.

- Ein bil fekk sleng og køyrde inn i ein stolpe. Det var tre personar i bilen, og to av desse har vore innom legevakta for kontroll. Som følgje av kollisjonen vart det også ein del skader på leidningsnettet, og everket har difor vore på der, seier John Kåre Flo ved operasjonssentralen til politiet.

- Vi fekk melding om hendinga ved 13.30-tida, men på grunn av ulykka i Barstadvik er vi først på veg til staden no, seier han.

I Barstadvika i Ørsta vart fire personar frakta til sjukehus, etter ei trafikkulykke med to bilar involvert,