Det var tysdag morgon at kona til Petter Buset på Vartdal møtte nokre utsende ifrå Ørsta kommune som var på staden for å sjekke dei kommunale vegane. Dei hadde sett ei ørn nede i ei grøft og varsla.

– Vi kom over den her på Buset. Kjerringa skulle på jobb og ho fekk tilfeldigvis sjå ørna nede i ein kanal, fortel Petter Buset.

Ørna vart teken med innomhus. Foto: Privat

Kona varsla ektemannen, og han kom klar med hanskar på. Han redda ørna opp av grøfta og det kalde vatnet.

– Den var heilt roleg, det var ikkje noko problem, seier mannen som tidlegare har vore borti kattugle - og dermed var klar over krafta i rovfuglar og handsama ørna med respekt.

Det neste på programmet var å få ørna innomhus - og å ringe til fugleekspert Alv Ottar Folkestad.

Folkestad tok sjølv turen til Vartdal, og raskt kunne han stadfeste at eksemplaret var ei havørn fødd i 2016.

– Folkestad hadde god tru. Det hadde vore fole kjekt om den greier seg. Det er fascinerande fuglar og det frykteleg spennande å kome så tett på den, seier Buset.

Ifølgje Buset er det godt med ørn i området, sjølv om dei ikkje ser den kvar dag.

God kondisjon

Etter ein kort inspeksjon, tok Folkestad rovfuglen med seg heim att.

Petter Buset, havørn, Alv Ottar Folkestad. Foto: Privat

– Ho er i veldig god kondisjon, det var ingenting som feila den på førehand. No klarer den ikkje å flyge. Den har tilsynelatande ikkje bråte noko, då har det med koordinering av bevegelsane å gjere. Då leiter vi etter ein truleg akutt skade. Sjansen for ein kollisjon er til stades - det var jo skarp vind tidleg på natta. Nokre gongar kan storm og vindkast sette dei ut av funksjon og kraftige trykkforandringar kan gje akutt skade, men ikkje fysisk, forklarar ornitologen.

Ifølgje Folkestad er det ei kraftlinje ikkje langt ifrå der eittåringen vart funnen. I verste fall kan kraftlinjer brenne ein fugl heilt opp, men det kan også hende at dei får støyt som berre set dei ut i timar eller dagar.

Heime har Folkestad innhegningar som er tilpassa rovfuglar som ørn. Der skal havørna no få sjansen til å restituere seg. Han meiner den har oddsa på si side, og om ei par dagar er den truleg å sjå på himmelen att.

– Viss den mot det ein skulle vente seg må avlivast, så gjerast det i samråd med veterinær, og vi tek det heilt formelt og i forståing med myndigheitene, seier Folkestad.

Kontakt veterinær

– I nokre tilfelle er det openbart for ein kvar at det er lite å gjere, med opne vengebrot og slikt. Då er hurtig avliving einaste rette, men ein bør alltid viss det er mogleg ta kontakt med veterinær. Det har vore gjort ein del fundamentale feilvurderingar med ein del av rovfuglslaga. Det er slik at når dei har ete eit godt måltid, om dei har funne eit åtsel eller eit relativt stort bytte, så er det ikkje alltid dei klarar å lette med det same. I slike tilfelle har folk trudd dei er skadde og har slått dei i hel. Det er kortslutning! Ta alltid kontakt med veterinær, fortel Folkestad som eit varsku.

Han seier at Buset gjorde det heilt rett når han tok hand om havørna.

– Petter Buset har gjort det einaste riktige. Det er kjekt å møte folk som både har klar tanke og interesse for det som skjer rundt dei i naturen, avsluttar Folkestad.