– Vi vil ha omgjort vedtaket om at den nye sentrumsskulen skal ligge i Bakkeøyane. Han bør i staden plasserast i Ullavika, meiner kvinnene.

20. mars skal kommunestyret i Sykkylven avgjere om dei skal ta opp att saka som i 2013 vart avgjort med knappast mogeleg fleirtal, 15 mot 14 røyster.

Snudd

Kariann Sandvik seier til Sunnmørsposten at ho har ei god magekjensle for at stemninga har snudd sidan 2013, og at det no er fleirtal i kommunestyret for å sjå på saka på nytt.

– Kvifor dette engasjementet?

– Fordi det som skjedde i 2013 var at fleirtalet vedtok noko som var i strid med tilrådingane om at Ullavika var det beste alternativet og burde veljast, seier Sandvik.

– Kvifor er Ullavik best?

ORDFØRAR Odd Jostein Drotninghaug har fått 400 underskrifter frå innbyggarar som vil at kommunestyret skal ta opp at skulesaka i sentrum.

– For det første ligg tomta i Ullavika i ei solrik helling. Tomta i Bakkeøyane ligg i ein skuggefull dal nede ved ei elv, litt for nær ungdomsskulen og vidaregåande skule. Dei klimatiske tilhøva gjer at også kommunelegen støttar vårt syn.

– For det andre vil ein skule i Bakkeøyane bli mange millionar dyrare, på grunn av det som må gjerast rundt skuleområdet. I Ullavika ligg det allereie ein skule, seier Sandvik.

Tre i ein

Det er denne skulen i Ullavika, samt Aure skule og Vik skule den planlagde sentrumsskulen skal erstatte.

– Kvifor sa de ikkje ifrå i 2013?

– Fordi då vedtaket vart fatta var kommunen i Robek, og vi rekna ikkje med at bygginga ville kome i gang. Men no har dette endra seg, og det var på tide å gripe fatt i tomtesaka, forklarer Kariann Sandvik.

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug vil ikkje flagge sitt syn før saka kjem i kommunestyret.

– Vil bygginga bli forseinka om saka må takast opp att?

– Det vil det, svarer han.