Dette seier mangeårig idrettslærar ved Høgskulen i Volda, og internasjonalt anerkjend utviklar av leikeanlegg for born, Asbjørn Flemmen (81).

Frå bustaden sin høgt over Volda sentrum såg han onsdag kveld både helikopter og hektisk ambulanseaktivitet ved den kommunale badeplassen Årneset nordaust for Volda sentrum.

Han frykta ei ny badeulukke - og han fekk rett.

Var vitne til drukningsulukka: – Dette må ikkje skje igjen

Ukjende personar

– Eg vart straks redd det kunne vere endå ei badeulukke, og eg fekk dessverre rett, konstaterer Flemmen.

For eit år sidan berga ein ung utlending livet på mirakuløst vis, etter å ha vore under vatn i mange minuttar ved Årneset. Også ved ulukka her onsdag kveld skal ein det vere ein ikkje innfødd person som er offeret.

Ifølgje vitne vart han liggjande i fleire minuttar under vatn.

Og også i dette tilfellet skal målet for badinga ha vore ei bryggje med tårn, som ligg knappe 30 meter frå land.

Luftambulanse Mannen i 20-åra blei frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus. Ifølgje siste meldinga frå Helse Møre og Romsdal så er tilstanden kritisk for mannen.

Asbjørn Flemmen meiner at slike badeplassar har svært mange positive element i seg.

– Men dei har også lett manglar. Å plassere den einaste badebryggja såpass som 30 meter frå land kan vere mykje for langt for mange, vurderer Flemmen.

– Kva ser du føre deg kunne vere alternativet?

– I dette tilfellet ser eg umiddelbart to ting. Det første er minst ei ekstra badebryggje – på halvdistanse ut frå denne med ulukka, altså maksimalt 15 meter frå stranda. Ei slik vil kunne gjere svært mange badande tryggare, og dermed gje dei ei fundamental meistringskjensle.

– I tillegg skulle eg gjerne sett at her var også ein tredje badeflåte, dobbelt så langt unna land som den første. Med stupetårn og det heile. Då hadde vi hatt eit meir fullverdig tilbod - også til dei flinkare og lengre komne, så også desse hadde noko positivt å strekkje seg etter. I slike saker må vi alltid ha fleire tankar i hovudet på same tid, insisterer Flemmen.

Rotevatnet: Mann i 20-åra kritisk skadd i drukningsulukke

– Eg var livredd

Asbjørn Flemmen er ekspert på idrett og idrettsanlegg. Dei to drukningsulukkene i Volda har fått idrettsteknikaren Asbjørn Flemmen til å tenkje mykje attende til sine eigne barneår ved ein tøffe bassengkant i Molde.

– Eg kan hugse eg var livredd, rett og slett. Kameraten min var så mykje tøffare. Men eg ville så gjerne greie like mykje som han. Difor stupte eg også utfor høgder eg eigentleg ikkje var klar for, som 11-åring.

– Ein vil både meistre, og ein vil jo tøffe seg. Men, ved ein såpass kjend og mykje vitja badeplass som ved Årneset i Volda, burde kommunen tenkje- og yte endå litt meir. Lat der kome eit ekstra tilbod, til dei som vil mest, men endå meir til dei som er akkurat litt for utrygge, bed den spreke 81-åringen Asbjørn Flemmen.