(Morenytt.) - No skal eg trene minst tre timar kvar dag framover. Sommarkroppen 2018 blir kanskje for ein gongs skuld eit faktum dersom eg ikkje rotar det til igjen i jula då, seier Haugen Burøe på heimesida si "Komikerfrue".

Bloggaren skal erstatte bloggar Anna Rasmussen som trekte seg frå det populære underhaldningsprogrammet på TV2.

Marna skriv at det har vore forferdeleg å halde på hemmelegheita.

- Det må være første gong i heile livet mitt at eg har mista apetitten, SÅ spent har eg vore.

Haugen Burøe fortel til VG at dansegolvet er utanfor komfortsona hennar, sjølv om ho har dansa både leikarring, folkedans og litt jazzballetttidlegere.

– Eg er overraskande spent og nervøs.  Eg håper det går over og at eg kan ha det kjempemoro denne hausten, for eg er absolutt med på dette for opplevinga sin skuld, og det er synd å la det verte øydelagt på grunn av nervar, forteller ho til VG.

Denne saka er først publisert på Morenytt.no