Det er hovudmålsettinga når Stranda kommune frå komande sommar innfører parkeringsavgift i Geiranger sentrum. Førebuingane er godt i gang.

– Denne veka sende vi søknad til Vegdirektoratet om løyve til å handheve regelverket. Og vi har vore i dialog med Geiranger Fjordservice med tanke om at dei skal stå for det reint praktiske, seier næringssjef Inge Bjørdal.

Det var tidlegare i år at kommunestyret i Stranda vedtok å innføre avgiftsparkering i Geiranger for å få rydda opp i det som mange opplever som kaotiske trafikktilhøve.

– Først og fremst gjer vi dette for å få struktur på parkeringssituasjonen, slik at dei som kjem køyrande til bygda opplever ho som ein venleg stad, og at dei lettare skal finne ein ledig parkeringsplass, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).

– Ikkje for å få inn mest mogleg pengar, altså?

– Nei, slett ikkje. Vi vil mellom anna få vekk dei som nyttar sentrum i bygda til langtidsparkering. Og trafikkbetjentar skal på travle dagar rettleie folk på ein venleg måte, svarer Tryggestad.

Les også: Vekst på alle felt for populær turistferje

Fjellhall

Han legg til at eit langsiktig mål er å få til fleire parkeringsplassar i Geiranger, og aller helst inne i fjellet.

– Men det ligg noko fram i tid, legg ordføraren til.

Inge Bjørdal fortel at kommunen har fått Asplan Viak til å lage ein plan for parkeringsplassar og skilting. Vidare har kommunen kome fram til at dei vil nytte eit dotterselskap i Stranda Eigedomsselskap AS til å stå for investeringar og drift.

I samband med dette er det no kalla inn til ekstraordinær generalforsamling i Stranda Eigedomsselskap i neste veke der ein skal behandle eit forslag om å auke aksjekapitalen med ein halv million.

Tilskot

Vidare har Stranda kommune fått eit tilskot på 30.000 kroner frå Trafikktryggingsutvalet i Møre og Romsdal som skal nyttast til informasjonsmateriell om trafikken i Geiranger.

Også næringssjefen er oppteken av å streke under at flest mogleg parkeringsbøter ikkje er målet:

– Trafikkvaktene skal vere serviceinnstilte, og leggje seg på ei mjuk line, lovar Inge Bjørdal.

GEIRANGER: – Parkeringsvaktene i Geiranger skal leggje seg på ei mjuk line, seier næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune. Foto: Petter Sandvik