Vakthold av politifolk ved kommunal bustad i Hareid der eit muleg drap vert etterforska. Foto: Knut Arne Aarset

Politiet har starta etterforsking etter det politiet ser på som eit mistenkeleg dødsfall i Hareid kommune.

– Sunnmøre politidistrikt har søkt hjelp frå Kripos på teknisk og taktisk etterforsking. Det er venta at slik bistand vil kome til Sunnmøre fredag kveld, opplyser operasjonsleiar Magne Tjønnøy i Sunnmøre politidistrikt.

Det var rundt klokka 13.30 at politiet fekk melding frå ein person som fann ein annan person død i eit hus i Hareid.

– Vi ser på dødsfallet som mistenkeleg, og jobbar med å finne ut kva som har skjedd, opplyste Tjønnøy tidleg fredag ettermiddag.

Fredag kveld etterforskar politiet dødsfallet ved avhøyr og åstadsgransking. Leilegheita er i eit hus med to kommunale leilegheiter. Politiet har fredag kveld sperra av eit stort område rundt huset der den døde vart funnen.

Fredag kveld kom politiet med fleire opplysningar i saka, på ein pressekonferanse