Den 16. november 2013 gjekk det eit gigantisk flaurskred i Årsetdalen på Vartdal. Eitt hus vart rasert og eit anna mykje skadd. Enorme lausmassar kom ned frå fjellsida. Ronny Åmås i R. Åmås Maskin as vart tilkalla for å få naturkreftene under kontroll.

Seinare har Åmås brukt atskillege dagsverk på staden – mellom anna med å grave ut tre store massebasseng i fjellsida – for å ta unna eventuelt nye skred. Nytt skred losna og kom med full tyngd natt til onsdag, og Åmås måtte igjen hive seg i lastebilen med gravemaskin på lasteplanen onsdag morgon.

- Massebassenga har utvilsamt redusert skadene denne gongen. Dei var alle fulle og rann over. Men det som har kome vidare trur eg vi har kontroll på no, sa Åmås til Sunnmørsposten onsdag ettermiddag. Dette samstundes som det kom til dels enorme nedbørsmenger i Årsetdalen.

Ronny Åmås i gravemaskinen måkar unna lausmassar så dei ikkje skal fylle avlaupa langs vegen.