Det seier Nils Magne Abelseth, etter at nominasjonsmøtet i Sandøy Høgre onsdag sette han på topp på lista før kommunevalet til hausten.

Berre få veker er gått sidan det vart inngått forlik i tvisten mellom Abelseth og Sandøy kommune. Den tidlegare einingsleiaren for skule og oppvekst - og også tidlegare rektoren ved Harøy skule, meinte seg ulovleg oppsagt, etter at jobben han hadde vart utlyst på nytt etter ei omorganisering. Med forliket vart arbeidsforhaldet avslutta, samtidig fekk Abelseth 900.000 kroner i kompensasjon, 90.000 i oppreisning, og også ei orsaking frå kommunen for belastninga saka hadde vore for han.

- Då det vart klart at du sto på nominasjonslista sa du til media at du ville vente til etter nominasjonsmøtet med å seie noko om kandidaturet ditt. Du ønskte heller ikkje å svare på korleis du ser for deg eit tett samarbeid med administrasjonen etter den striden som har vore, dersom du no skulle bli ordførar. Har du ein kommentar til dette no?

- I forhold til at eg no er partiet sin ordførarkandidat, så er det å seie at eg har lang erfaring politisk og at eg som sagt er klar - om folk vil ha meg. Vi har store utfordringar framføre oss: Mellom anna går kommunereforma med raske skritt vidare, og det er viktig å vere med, spele på lag med andre. Vidare er det Nordøyvegen, som er har kjempa og ivra for i alle år. Her må vi stå på vidare for å få på plass alle bitar. Sjølv om vi så og seie er i mål, kan vi ikkje gje oss før vi er over målstreken, seier han.

Les også: Kan kome att - som ordførar

- Og når det gjeld dette med det å skulle ha eit tett samarbeid med administrasjonen?

- Der er det ikkje anna å seie at vi har eit folkestyre i alle kommunar. I Sandøy består dette av 19 representantar med ordføraren som politisk leiar. Denne har som ei sentral oppgåve å sjå til at politisk fatta vedtak blir gjennomført i tråd med det som er bestemt. Så lenge det er slik det skjer, vil eit samarbeid vere heilt uproblematisk.

- Du er ikkje bitter?

- Eg vel å sjå framover. På målet mitt som politikar. Eg vil vere med på å skape ei god kommune folk vil leve og busetje seg i, seier Abelseth.

Lista til Sandøy Høgre er som følgjer, dei fire øvste er kumulert:

  1. Nils Magne Abelseth

  2. Jessica Gärtner

  3. Helge Ervik

  4. Olav Egil Ellevset

  5. Ann Kristin Bueng

  6. Liss Anniken Hagen

  7. Bård Sindre Skarshaug

  8. Andrine Finnøy

  9. Ann Elin Apelseth Harnes

Sandøy kommunestyre har 19 representantar. Høgre er største parti inneverande periode, og har også ordføraren i Hans Endre Sæterøy. Sæterøy ønskjer ikkje attval.