I dag kunne austavinden gitt Ragnar Thorseth retning omtrent beint på øygruppa ute i havet. I staden føler han seg så sjuk at han vel å bryte etappen frå Sogn til Shetland.

– Han sit oppe og snakkar i telefonen. Men han føler seg såpass sjuk at han ikkje kan ro, seier Trygve Berge til Smp.no. Berge har følgd Thorseth som filmfotograf på mange av hans ekspedisjonar.

– Han blir no taua inn mot Out Skerries, seier Berge tysdag føremiddag.

Heilt sidan Thorseth starta kryssinga av Nordsjøen har han hatt følgje av «Hilding» med Åsmund Nerlid om bord, det er han som tauar Thorseth inn mot land.

Berge er ikkje sjølv med ute i Nordsjøen men har snakka med Thorseth på telefon i dag. I tillegg til at Thorseth føler seg dårleg, er det meldt stiv kuling frå nord til natta.

– Eg veit ikkje kor alvorleg det er. Men han begynte å føle seg dårleg i natt, seier Berge til Smp.no.

Etter planen skal Thorseth også ro tilbake frå Shetland til Herøy, og vere heime 1. august.