I boka «Alene over Nordsjøen» har Ragnar Thorseth fortalt både frå roturen til Shetland i 1969 og frå ei rekke andre eventyrferder.

Når han no skal ro til Shetland igjen, er det med ein kopi av robåten han brukte den gong.

Ikkje lenge etter at han hadde sett kursen rett vest frå Utvær mot Shetland, passerte ein tysk lastebåt tett ved. Ein mann kom klatrande ned leideren, fortel Thorseth i boka.

«Du ror feil veg!» ropte han på tysk.

«Nei, er ikkje dette vegen til Shetland, då?» spurde eg.

«Du bist verrückt!» svarte karen.

Seks-sju meters bølgjer

Han fortel at han undervegs sang salmar, strofer av «Terje Vigen» og kva som elles fall han inn.

Dagen før han var framme bles det opp til vaksen kuling, og bølgjene jog seks-sju meter høge. Dei trua med å fylle færingen. Det var berre eitt å gjere: Få ut drivankeret.

2-300 meter unna strauk fire fiskebåtar forbi.

- Heldvigvis såg dei ikkje meg. Hadde dei det gjort, er eg redd for at dei hadde plukka meg opp, anten eg ville eller ikkje, skriv Thorseth i boka.

Men med minimalt med sikt var han redd han skulle bomme på målet.

Så såg han brått eit glimt av eit fyrtårn. Det var ubeskriveleg, skriv Ragnar Thorseth. Både vind og sjø ville ta han forbi Shetland, men han halte på årene, og etter 10 dagar i robåten var han framme.

Der vart han ønskt velkomen også av dronning Elizabeth av Storbritannia.

- Eg klemde til som eg plar då vi helsa, og eg gjekk heilt i ball i tiltaleformene. Majesteten tok ikkje synleg anstøt, ho høyrde smilande og tilsynelatande interessert på mine utlegningar om roing og såre nevar og rumpe.

Tre steg bak kom prins Philip:

«You are crazy, man!» sa han, fortel Ragnar Thorseth i boka Alene over Nordsjøen, som kom ut i 1979.