I sørvest og regn tok Ragnar Thorseth farvel, og tok laust på roturen frå Fosnavåg til Shetland. Sjå bildeserie over

Truleg prøvde han ei meir indre rute sørover igjen, meir i livd for vinden.

Les også: Siste kveld med gjengen før roturenLes også: Thorseth er straks sjøklar

Og Honningsvågen i Selje, slik han først hadde tenkt, når han neppe i dag i dette vêret. Sjå oppdatert vêrvarsel

Storhavet

Tid har han likevel nok av på denne første del av turen, fram til avreise frå Utvær i Sogn 1. juli.

- Då først er eg klar for storhavet, sa Thorseth like før avreise.

Per Sævik vart invitert om bord i færingen, Brattholm Havila som den er kalla. Sævik, som er med på å sponse roturen til Shetland, sa at han har blitt spurt om han har samvit til å vere med og sørgje for at Thorseth omkjem i Nordsjøen.

Men Sævik verka ganske ubekymra.

- 25-30 mil, svarte Thorseth.

Frå Utvær til Shetland er det rundt 170 sjømil.

- Då tar det vel ei fem-seks dagar over, sa Sævik.

Ikkje kanal 16

Ragnar Thorseth viste dei frammøtte litt av remedia som han har om bord. Ei bøtte er sponsa av ein toalettprodusent på Hareid, fortalde han. Vidare er der to elektriske pumper og to handpumper, som til saman kan lense unna ein halv kubikkmeter i minuttet.

På utsida heng ein leider om han treng å klatre om bord igjen. Og oppdrifta i båten er på 6-700 kilo, fortel han. Også "verktøykasse på boks" var det muleg å sjå om bord.

- Og så blir det ikkje oppkall på kanal 16, sa Thorseth. Assistanse frå Hovudredningssentralen er ikkje aktuelt.

- Vi skal no vere i same havet, sa Thorseth.