No vil Møre og Romsdal Bondelag invitere landbruks- og matminister Sylvi Listhaug på gardsbesøk i fylket.

– Eg har inntrykk av at landbrukspolitikk ikkje har vore prioritert område for Frp så langt, seier leiaren av Møre og Romsdal Bondelag, Inge Martin Karlsvik til Sunnmørsposten.

Han har samla på lesarinnlegg i avisene der tillitsvalde i Frp har skrive ein god del faktafeil. Han ser også at det er tatt snarvegar med enkel argumentasjon.

– Første kommentaren er at utnemninga av Sylvi Listhaug var overraskande. Det er milevis skilnad på Frp og Høgre, om ikkje i retning så i alle fall i grad. Eg trur det var mange bønder som fekk føremiddagskaffien i halsen, seier Karlsvik.

Les også: Dette er Sylvi Listhaug

Ørskog

Listhaug kjem frå Ørskog. Det ser bondelagsleiaren kan vere positivt.

– At ho kjem frå Distrikts-Noreg, og at ho kjem frå eit gardsbruk, er i alle fall ikkje ei ulempe. Men kor mykje det har å bety veit eg ikkje. Eg er veldig usikker på korleis dette vil bli, seier Karlsvik.

– Samtidig vil vi føre ein konstruktiv dialog og sjå kva vi får til. Vi får håpe at regjeringspartnar Høgre og dei to samarbeidspartnarane i Stortinget kan dra det i ei anna retning.

Han ser også at Frp sin skattepolitikk for landbruket er positiv.

– I tillegg går Frp inn for minsteløn for sjøfolk, og dette er statsstøtte på lik linje med støtte til landbruk.

Les også: Listhaug: – Kommunisme på norsk

Pizzaproduksjon

Særleg nemner Karlsvik faren ved å opne mykje opp for utanlandske råvarer.

– Opnar du for utanlandske råvarer som kjøt og ost i til dømes pizzaproduksjonen, tvilar eg på at det blir aktuelt å foredle desse råvarene til norske kostnader. Dermed kan pizzaproduksjonen på Sunnmøre vere i fare.

– Du ser utflagginga i møbelindustrien, sjølv om den er meir arbeidsintensiv enn pizzaproduksjon. Eg tvilar på at det blir aktuelt over natta, men dersom du opnar for fri import av matvarer til Norge, meiner eg dette er ein fare, seier Karlsvik.

Har sagt frå seg odelen

Til NTB seier Listhaug at ho er forstra opp på mjølketanken heime.

Men på Ørskog har familien til Sylvi Listhaug no tenkt å legge om gardsdrifta.

– Vi startar avviklinga av gardsbruket i løpet av eitt år. Men no skal vi til Slottsplassen og vere der når regjeringa kjem ut, seier mor Harriet Listhaug til NRK.

Til Sunnmørsposten seier ho at Sylvi Listhaug har to brør, og at den eine vil ta over garden i staden for henne som var odelsjente. Mor Harriet Listhaug stadfester også at det då blir ei anna gardsdrift enn i dag. I dag driv familien Listhaug med mjølkeproduksjon og har rundt 100 dekar dyrka mark.

Internasjonalt ansvar

Karlsvik viser til ansvaret eit land har for å dyrke eigen mat.

– No er det fleire stader, som i Midtvesten i USA, at dei byrjar å bruke opp grunnvatnet sitt, og at produksjonen går ned i fruktbare område. Dette løyser vi ikkje med å redusere matproduksjonen i Norge, seier Karlsvik til Sunnmørsposten.

– Norge er eit av landa i den vestlege verda med lågast andel matproduksjon. Eg meiner at slik som ein nasjon tar ansvar for forsvar, må ein nasjon også ta ansvar for ein del av matproduksjonen, seier leiaren av Møre og Romsdal Bondelag.

Les også: Her er Ernas historiske mannskap

Dialog

Norges Bondelag sentralt legg opp til ein god dialog med den nye landbruks- og matministeren.

–  Det er ingen tvil om at det er overraskande at Erna Solberg gir Frp ansvaret for landbruksdepartementet.  Sjølv om det er eit krevjande utgangspunkt for samarbeid, vil vi leggje vekt på å få til ein god dialog med den nye ministeren, seier leiar i Norges Bondelag Nils T. Bjørke.

Etter det Norges Bondelag kjenner til har Listhaug avgrensa landbrukspolitisk erfaring frå tidlegare, og har primært hatt sitt virke innanfor familiepolitikken. Ho er odelsjente og oppvaksen på gard på Sunnmøre.

– Framstegspartiet, som den nye landbruksministeren høyrer til, har argumentert for store omveltingar i landbrukspolitikken. Blant anna har partiet ved fleire anledningar fremma forslag om store kutt i overføringane til næringa, reduksjonar i tollvernet og oppheving av viktige reguleringar som i dag gir grunnlaget for eit landbruk over heile Norge, uttaler Norges Bondelag i ei pressemelding.

Listhaug får ansvaret for å følgje opp måla som den nye regjeringa har lagt for norsk matproduksjon i Sundvollen-erklæringa og i samarbeidsavtalen mellom KrF, V, KrF og Frp.

Faktakunnskap

Norsk Bonde- og Småbrukarlag konstaterer at de neste fire årene kan bli svært vanskelege for norsk landbruk.

Regjeringserklæringen frå Høgre-Frp-regjeringa er den mest krevjande norsk landbruk har stått overfor. Det er liten grunn til å tru at situasjonen vil bli mindre krevjande ved at Frp har fått landbruksministerposten og at Listhaug no har blitt utnemnt til landbruksminister, skriv Norsk Bonde- og Småbrukarlag i ei pressemelding.

Samtidig er det viktig å understreke at regjeringa utgjer eit mindretal på Stortinget, noko som gjer at opposisjonen, og særleg samarbeidspartia Venstre og KrF, får ei nøkkelrolle i utforminga av norsk landbruks- og matpolitikk.

Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg, håper Listhaug vil vektlegge faktakunnskap og dialog med næringa i sitt arbeid:

– Ifølgje regjeringserklæringa skal verdiskapinga styrkast i heile landet, og næringslivet over heile landet skal sikrast gode rammevilkår. Norsk jordbruk og matindustri utgjer til saman den største vareproduserande verdikjeda i fastlands-Norge og sysselsetter rundt 90.000 menneske over heile landet. Vi håper at Sylvi Listhaug sin ambisjon er å gje denne verdikjeda gode rammevilkår, og at ho vektlegg faktakunnskap og dialog med næringa i sitt arbeid, seier Furuberg.

Sylvi Listhaug (Frp). Foto: Scanpix