Midt på natta opnaKari og Ola Berge i Oppstryn huset sitt for framande folk, frå fleire land.

Mat og kaffi

Ho kokte kaffi medein gong. Etter kvart fekk dei brødskiver. Så kom Stryn-ordførar Sven Flo medvaflar.

Mange avpassasjerane var også blitt våte, og familien Berge leita blant anna fram altdei hadde av tørre sokkar.

Etter kvart toknokre av passasjerane mot tilbodet om å evakuere med Røde Kors sin båt påOppstrynsvatnet. Då blei det også litt betre plass i huset, men det låg folk ogsov over alt likevel – i senger, på madrasser og sofaer.

Fleire land

I stova møter vireisande både frå Sunnmøre og Nordfjord, men ikkje minst mange frå utlandet. Vifår vite at her er folk både frå Afghanistan, Iran, Tsjetsjenia, Italia,Tyskland og Liberia. Dei fleste er busette i kommunar på søre Sunnmøre.

Alle utrykkjer atdei er takknemlege for gjestfridomen i Oppstryn.

- Viss vi haddestått ute i natt, så hadde det ikkje gått bra. Eg er takknemleg for at vi fekkkome hit, smiler Kebeh Foloboi, ein av passasjerane som blei innlosjert hosfamilien Berge natt til laurdag.

Fekk sjokk

Kebeh somopprinneleg er frå Liberia, har budd mange år i Ørsta. Ho fortel at deimerka godt uvêret allereie frå starten av turen.

- Vi køyrdeKvivsvegen frå Volda, og eg såg det kom litt steinar ned på vegen der. Det blesog regna, men eg roa meg ned då vi kom til Stryn og tenkte det gjekk bra, seierho før ho skildrar det som skjedde like før det var bom stopp.

- Bussen rista, ogdet kom mykje vatn over bussen. Eg fekk sjokk, fortel ho og legg til atbussjåføren sa at alle måtte kome seg ut av bussen med ein gong.

- Vi fekk panikk.Alle ville ut av bussen først. Det var også ein som sat fast. Eg sette megsjølv litt fast, men kom meg over, seier Kebeh som var på veg til Oslo ogvidare til Drammen saman med venninna Sia Hina som for tida er student i Volda.Begge bur i Ørsta.

No skulle dei tilDrammen og vere med på eit kyrkjetreff. Det blei ikkje noko av, for så snartvegen er rydda og ny buss kjem på plass, vil dei snu tilbake til Ørsta.

Småbarnsfamilie

Dramatikken omnatta kan ein berre tenkje seg. Ein småbarnsfamilie frå Afghanistan var medbussen, med ein liten baby og ei par år gammal jente. Ein annan var nyoperert iein fot og gjekk på krykker. I eit forferdeleg regnvêr, i bekmørkret, måttebusspassasjerane ta seg vekk frå rasområdet. Dei søkte først tilflukt i eitbusskur, nedanfor bustadhuset til Berge.

- Eg såg dette finehuset med lys i, og tenkte at viss det hadde vore i Afrika så hadde vi gått ditinn. Og så var det slik her også, smiler Kebeh som slår i hel ventetida med åpusle på eit stort puslespel som dottera i huset er godt i gang med.

Student ThomasAndre Olsen hadde også planlagt Oslo-tur i helga, men har valt å snu til Voldaså snart vegen opnar. Også han skildrar ei dramatisk oppleving i nattemørkret.

- Egtrudde vi køyrde på ein elg, men så såg eg fullt av gjørme, fortel Olsen somsat bakerst i bussen.

Arash Moharamzadeh frå Iran og Fazel Akrami frå Afghanistan opplevde dramatikken då ekspressbussen frå søre Sunnmøre blei teken av ras i Oppstryn. Dagen etter er dei tilbake ved bussen og ser korleis raset har herja. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Foto: Anne-Mari Tomasgard
Foto: Anne-Mari Tomasgard