– Det er veldig kjekt å vakne til nysnø. Det hjelper på påskeføret. Og om vêrmeldingane slår til, skal det skine av fra tirsdag av. Så då ser det verkeleg bra ut, seier Stian Græsdal fornøgd.

Ved Stranda har det kome 20 cm med nysnø nedst i bakkane og heile 50 cm med pudder ligg på toppen av Fursetheisa og Egga tysdag.

Dagleg leiar på Strandafjellet skisenter understrekar at dei ikkje er avhengig av meir snø, men det er prikken over i-en å tilby kvitt og reint påskedekke. Skisenteret byr på ei innhaldsrik veke, med til dømes ake- og skirenn og jakt på påskeharen.

Se web-kamera fra Strandafjellet her

– Det har lagt ned 15 centimeter i natt, og det snør framleis. Så her er det vinter, opplyste Ola Erik Myren hos Bjorli Skisenter til Sunnmørsposten måndag. Han håper berre temperaturane held seg nokolunde låge, slik at skiføret varer heile påska.

Optimistisk

Ved Arena Overøye er familietrekket opna tirsdag, og det har kome 20 cm tørr snø sidan siste oppdatering, opplyser senteret på sine nettsider. Snødjupna på garden Overøye er no 45 cm, og det er godt vinterføre på vegen opp frå Stordal.

Del ditt påskebilde: Send oss ditt foto på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!

Varmt

Tore Utgård hos Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter ønskjer òg nysnøen velkomen.

– Vi får håpe det vert endå kjøligare, slik at vi kan køyre på med meir kunstsnø, seier Utgård. Fjellsetra opnar onsdag.

Hos Ørskogfjell Skisenter er det derimot lite som minner om påskeutflukt for plankeglade.

Topptur

Hos Harpefossen skisenter på Eid prøver styreleiar Stein Bjørhovde å finne lyspunkta. Han melder om nysnø på Furuhogane, og opa heis for dei som er glade i topptur på ski.

Også i Ørsta lokker dei med stolheis for dei som vil fraktast opp til meir snørike område.

Ved skisentra i Hornindal og Stryn vert det meldt om stengte anlegg grunna snømangel, og minimalt håp om påskeopning.

Hvor finner du ditt skiføre? Del dine tips i kommentarfeltet under!

Siste døgnet har det lagt ned opp til 40 centimeter nysnø på Strandafjellet, noko som gir gode forhold for dei som ønskjer å lufte skia. Her ein glad familie som ikkje har noko i mot litt ekstra påskedryss frå oven. Foto: Strandafjellet Skisenter
Lars Standal Sørnes (17) og Linus Standal Sørnes (7) testar skiføret i Brøstdalen, Bjorli. 15 cm nysnø og greie forhold måndag. Foto: Privat