Når Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) fyller 125 år vert det verken kake eller champagne. Dei byr heller på langtur.

– Vi ønskjer å få med flest muleg på folkevandring i fjellet, og det passa godt å ta det i denne anledninga, seier Arild Eidset som er ein av tre turleiarar frå ÅST på turen kring Hjørundfjorden.

Godt samhald

Turen starta måndag på Melbøsetra ved Barstad og opp Molladalen til Standalhytta. Der blei det overnatting før turen gjekk vidare gjennom Nøvedalen, Høgreset og Litledalen før deltakarane kom ned på Sæbø.

– 15 stykke går alle seks etappane, medan enkelte hopper på og av undervegs. Det er kanskje litt mindre enn vi fyrst ønskja, men vi er likevel ein god gjeng som trivst godt saman, meiner turleiar Martin Hauge Nilsen.

Unik oppleving

Deltakarane var heldige på etappen frå Standalhytta til Sæbø. Med strålande sol og godt selskap var turen upåklageleg.

Både ho og venninna Audny Eide Bratteberg meiner at ein slik tur er kjekk sjølv i dårleg ver.

– Måndag regna det mykje, men naturopplevingane får ein uansett. Ruta vi går i løpet av dei seks dagane er unik og verkeleg noko for auget. I tillegg er samhaldet i gruppa veldig godt. Vi kom fort i kontakt med kvarandre, fortel Eide Bratteberg.

Ho skryt også av guidane på turen. Dei tek omsyn til alle og ein kvar og fortel om fjelltoppane ein kan sjå undervegs på turen.

Vekeslang tur

Blant deltakarane finn ein både spreke mosjonistar og ikkje fullt så spreke menneske.

– Turen er for alle. Ein kan gå berre ei etappe om ein ønskjer det, poengterer Eide.

I dag går deltakarane frå Tyssenaustet til Patchellhytta. I høve jubileet er turen lagt innom flest muleg av ÅST sine hytter i Sunnmørsalpane. Totalt er turen på ca. 10 mil og endar på Vellesetra.