Eg skulle så gjerne ha vore blant fakkelberarane i Fosnavåg onsdag! Blitt overtydd om at hjartevarmen framleis finst her i landet, slik at eg fekk sove! For eg får ikkje sove no!

Ikkje etter at politiet over heile landet brauta seg inn klokka 5 om natta, røska ungdommar ut av sengene og kasta dei på glattcelle på Trandum. Der ligg dei no – vettskremde 16-17-åringar – og ventar på flyturen til eit krigsherja land der det er så farleg at norskingar ikkje kan reise dit. Dei har vel mista all von om hjelp, men eg kan ikkje teie – eg vil hyle høgt!

Sylvi Listhaug svarer biskopen: – Vrir og vrenger på det jeg sier

Ungdommane hadde papir på lovleg opphald, og venta på beskjed frå advokat om vedtak i si sak. Ved avslag får dei ein frist for friviljug retur, seier regelverket. No leste politiet opp vedtaket på cella. Advokaten fekk det i Posten dagen etter.

Alle andre enn Listhaug sine folk, trudde på dei. Både dei som hadde dagleg omsorg, dei som var offentleg verjer som skulle sjå til at dei fekk ein rett prosess etter lover og reglar, og helsepersonell, lærarar og andre med ungdomsfagleg bakgrunn som møtte dei – dei laga velgrunna uttaler som stadfesta at oppgitt alder stemte godt. Desse vart heller ikkje trudd.

For Listhaug sine folk kjøper inn ein fasit frå ein pensjonert lege som tener seg rik på å skrive ut det svaret dei vil ha. Slik kan mindreårige verte trylla vekk frå statistikken og kasta ut av landet som vaksne, kriminelle løgnarar. Alle andre legar meiner metodane er uvitskapelege, og vil ikkje lage slike fasitar. Andre land meiner at slike testar er uetiske. Internasjonalt vekker Norge no oppsikt som «verstingland», medan den ansvarlege ministeren skryt av eit slikt omdømme.

Dei andre politikarane sit musestille og let henne gjere dritjobben. Det er ikkje nok med eit og anna pip mot slike eselskryt! Me må hyle høgare!

Ida Holter RøykenOffentleg representant for einslege mindreårige asylsøkjarar