– Dette byggjer på erfaringane frå kommunereforma som vart gjennomført i Danmark.

Det sa Krumsvik på eit møte i Brattvåg tysdag, der representantar frå 10 kommunar var samla for å drøfte ein stor regionkommune.

– Dette betyr ikkje at Ålesund vil forsvinne som bynamn, men at ein ny og større kommune heiter noko anna, sa Krumsvik.

Han meiner dette vil vere viktig for at dei rundt Ålesund skal føle at dei er med på å byggje ein ny kommune, og at dei ikkje berre blir ein del av Ålesund.

Foreslår Borgund kommune

Ein storkommune på Nordre Sunnmøre bør heite Ålesund Borgund Sunnmøre Noko anna Du må velge et alternativ Din stemme blir nå behandlet... Ein storkommune på Nordre Sunnmøre bør heite Ålesund 44% Borgund 32% Sunnmøre 18% Noko anna 6% Du har allerede stemt 4496 stemmer Kva ein slik storkommune skal heite, veit ikkje Krumsvik – men meiner Sula hadde eit godt forslag: Borgund kommune.

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i Ålesund er villig til å ofre Ålesunds-namnet:

– Den nye kommunen treng ikkje å heite Ålesund. Bynamnet Ålesund vil likevel bestå, og Ålesund vil vere ei merkevare i den nye kommunen, seier Aurdal.

– Og det vil ålesundarane gå med på?

– Ja, det trur eg. Alle må vere villige til å gje noko for å få til denne reforma, svarer ordførar Eva Vinje Aurdal.

Del dine forslag i kommentarfeltet !!