Liv Longva Nilsen hadde teke turen frå Fjørtofta, og var ein av dei 130 innbyggarane i Haram som benka seg i sirkel i storsalen på Ingebrigt Davik-huset måndag kveld.

Tema for folkemøtet var kommunereforma, og ordførar Vebjørn Krogsæter forsikra at dette skulle bli folket sin kveld. Her skulle samtale mellom folk vere viktig. Ikkje informasjon frå toppen. Sjå bildeserie over

Det er kjøtvekta som tel

Liv Longva Nilsen nølte ikkje med svaret på spørsmål om kva ho meinte var viktig for framtida til Haram.

– Nordøyvegen er livsviktig, og får vi ikkje den kan vi berre pakke saman ute på øyane. Eg skjøner heller ikkje kva vi oppnår med å bli med i ein storkommune.

– Korleis kan vi tru at vi skal bli høyrt når vi blir meir utkant enn vi alt er? Det er kommunestyret som vedtek budsjetta, og da må ingen fortelje meg noko anna enn at det er kjøtvekta som tel.

Liv er også redd for at sentraliseringa i ein storkommune kan suge kompetansearbeidskraft frå Haram og inn mot Ålesund.

– Eg flytta heim til Haram for førti år sidan, og aldri har vi hatt eit så dårleg tilbod om legevakt som no. Det er ikkje lenge sidan eg sat i ein bil i Brusdalen på veg til legevakta i Ålesund og tenkte at slik kan vi ikkje ha det.

Unge seier nei

Mange ga uttrykk for at dei ikkje heilt veit kva dei meiner om reforma, men i samtalegruppa med mest ungdom herska det ingen tvil:

– Vi vil ikkje bli ein del av Ålesund. Vi ser rett og slett ikkje poenget, seier Tobias Faksvåg, Marit Farkvam, Joakim Skaar, Marita Græsdal og Brede Eiken.

– Dei som vil ha ein storkommune seier at ingen bryr seg om kommunegrensene når det gjeld skule, jobb og fritidsaktivitetar, seier Joakim. Men eg skjøner ikkje at det skal vere eit argument for å slå kommunane saman. Det kan vel like gjerne vere eit argument for å la alt vere som det er. Vi kan samarbeide med Ålesund om det meste, men så langt har ingen overbevist meg om at vi må bli større.

Det blir nikka rundt bordet, og dei unge fortel at dei og er redde for den vidaregåande skulen sin.

– Eg trur ikkje folk skjøner kor mykje Haram vidaregåande betyr for oss som er unge, seier Brede. Veit vi kva som skjer med den i ein storkommune?

Engasjerte ungdommar

Kommunereforma har engasjert dei unge i Haram, og for vel ei veke sidan inviterte ungdomsrådet til politisk dag der elevane både på ungdomsskulane og på vidaregåande snakka om reforma og kva den har å seie for ungdommen.

– Der fekk dei i oppdrag å beskrive sin draumekommune, og det var fleire som meinte at kommunen burde bli mindre – ikkje større, fortel dei fem rundt bordet.

– Men ikkje gløym oss eldre heller, seier ei dame som stikk bortom. De er unge, men vi som har levd ei stund skal også ha det godt i kommunen i mange år framover.

– Haram har mykje betre eldreomsorg enn Ålesund, er det kjappe svaret frå den oppveksande slekt.

Ope rom

Dei som hadde møtt opp på ID-huset med forventningar om å bli teppebomba med reform-informasjon, vart kanskje skuffa. For her var det lagt opp til folkemøte etter «open space»-prinsippet. Eit raskt søk på verdsveven fortel at dette er ei møteform som: «åpner muligheter for nyttiggjøring av intelligensen i en gruppe, og legger til rette for effektiv samhandling på høyt nivå.» Harrison Owen er mannen bak metoden, og han såg lyset då deltakarar på ein lenge forberedt konferanse meinte at kaffipausene hadde vore mest givande fordi det var då folk snakka saman.

Coach Hege Steinsland var ansvarleg for opplegget, og ho brukte litt tid på å forklare folket som sat i ring om korleis dette skulle gå føre seg. Nokre usikre blikk vart nok veksla i starten, men det gjekk ikkje lang tid før dei innmeldte samtaleemna vart livlig diskutert i gruppene. Og over kaffikoppane.

Lokaldemokrati

Minst to av gruppene snakka om lokaldemokrati, og om korleis det vil fungere dersom ti kommunar skal bli til ein.

– Eg veit altfor lite om dette, men meiner at det må vere eit visst sjølvstyre i dei ulike delane av ein eventuell regionkommune, meinte Rigmor Rørhus. Men blir det slik? Må vi ikkje få vite meir om dette før folkerøystinga til våren?

Mange nikkar og er samde med Rigmor, mens andre seier at både dette spørsmålet og andre må løysast etter at kommunane har bestemt seg for kven dei vil slå seg saman med.

– Eg er oppteken av at dette skal vere ein levande og demokratisk prosess, og det hadde vore litt rart om vi sat med fasiten før vi er i gang med arbeidet. I denne saka trur eg det er litt slik at vegen blir til medan vi går, meinte Bjørg Brynhildsvoll.

I nabogruppa ligg Eldar Sæterøy på golvet og skriv så fort han kan på eit stort flipoverark etter kvart som folk kjem på viktige moment. Også der handlar det om lokaldemokrati. Når det er tid for oppsummering av møtet nokre timar seinare, seier Sæterøy at dette er noko av det heftigaste han har vore med på når det gjeld gruppearbeid.

Menn om veg

Gruppa som diskuterer infrastruktur er stor. Og mannsdominert. Samferdsel appellerer helt klart til mannfolka, og mannen med tusjen og tavla er Terje Fagerli. Rundkøyringar, Hamnsundsamand og Nordøyvegen har for lengst kome på plass på det store arket. No speler Fagerli inn ringbusskortet sitt der han ser for seg at folk i heile storkommunen kan ta seg ein tur til byen ein laurdagskveld med buss – og kome seg heim igjen på same vis.

– Blir det ikkje enklare å få til gode kollektivtilbod viss vi blir ein større kommune enn i dag?

Kommunepolitikar og styreleiar i Hamnsundsambandet, Svein Harsjøen, fortel kor avgjerande det er å få til samferdsleprosjekt saman med andre. Og at ålesundarane må forstå at dette sambandet er viktig for dei også.

Badeland og ishall

I gruppa som diskuterer idrett og kultur står det badeland og ishall på tavla, og slikt greier ein ikkje å få til åleine, slår Per Hofseth fast. I eit anna hjørne er det kommunale tenester som står på agendaen. Vil dei bli like gode? Er dei kommunale jobbane trygge også i ein storkommune? Vil det bli enklare å få unge kvinner til å busette seg i denne regionen når kommunane blir større? Ein mannleg politikar får på pukkelen når han snakkar om «kvinnelege arbeidsplassar».

– Det er ikkje noko som heiter det lenger, får han streng beskjed om. Politikaren prøver å forklare at han ikkje meiner at det er arbeid som passar betre for menn enn for kvinner, men at det må vere jobbar for alle.

Gruppedynamikken ser i alle fall ut til å fungere heilt som den skal.

Nøgde

Og når coach Steinsland kallar inn til oppsummering rundt dei tende kandelabra, får ho tilbakemeldingar frå ei forsamling som ser ut til å vere svært nøgde med det dei har vore med på. Nyttig, spennande og utfordrande, seier folk når mikrofonen blir sendt rundt i sirkelen.

– Vi har nok ikkje fått svar på så mange av spørsmåla våre, men det ser ut som politikarane heller ikkje veit stor meir enn oss, er det ei som seier.

Og politikarane forsikrar at dei har fått mange nyttige innspel som dei skal ta med seg vidare.

Tre eller fire alternativ

Om ikkje lenge skal arbeidsgruppa for reformen legge fram si  innstilling til kommunestyret som den 28. januar skal velje vegen vidare:

  • Ein stor regionkommune

  • Status quo

  • Eller eit samarbeid med Sandøy.

  • På møtet måndag verserte det og eit rykte om at enkelte politikarar leiker med tanken om å lansere landkommunealternativet på nytt i ei eller anna form.

Tida vil vise.