Laurdag var geolog frå Statens vegvesen opp med helikopter, etter at ein fjellhammar losna i den bratte fjellsida over fylkesveg 40 i Dalsfjorden i Volda kommune fredag.

Over ser du nokre av bilda som geolog Kåre Ingolf Karlson tok frå helikopteret tidleg laurdag ettermiddag.

No er det uvisst når vegen kan åpnast igjen.

- Vi har vore oppe og kika på det. Det har losna i 4-500 meters høgde. Og det er overhengande fare for at det vil kome ned meir. Undersøkinga viser at det ligg mykje og stor stein som kan rase ned på vegen, seier Kjell Haukeberg i Statens vegvesen til Smp.no laurdag ettermiddag.

Han fortel at den største steinen er større enn ein lastebil.

Med mindre alle dei farlege steinblokkene kjem ned av seg sjølv, må vegen haldast stengt til over nyttår.

- Det er aktuelt å bruke helikopter til å vannbombe fjellsida, og i tillegg bruke ei kule for å slå sund de største steinane. Men vi er avhengig av gode vêrforhold, seier Haukeberg til Sunnmørsposten.

Arbeidet med planlegging samt å finne et stort nok helikopter startar i mellomjula, men arbeidet på staden vil først starte på nyåret.

- Dette er ein til to dagars arbeid med helikopter, og eit par dagars arbeid med opprydning etterpå, seier Haukeberg.

Ingen er isolert som følgje av at vegen er stengt.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no