Felleskjøpet i Volda slår på stortromma når dei opnar spilder ny butikk og verkstad i Furene torsdag. Prikken over i-en skal vere uoffisiell verdsrekord i svelesteiking, har FK proklamert i ei pressemelding.

Dei hevdar den gamle rekorden er på 46 cm, og har fått laga seg ei speisialtakke i stål som er fire cm vidare enn rekordsvela dei refererer til.

Kva skjer i helga? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Laga monstersvele i 1996

Det er berre det at Den norske matfestivalen i Ålesund alt har steikt ei monstersvele på heile 310 centimeter i diameter - altså godt over seks gonger større enn den som Felleskjøpet vil steike seg verdsrekord på torsdag i middagstider.

Ikkje offisiell rekord

Frå temmeleg pålitelege kjelder har smp.no fått opplyst at satsinga på rekordsvela den gongen var enorm:

Berre stålkonstruksjonen, med snulokk og det heile, kosta 100.000 kr å få laga i rustfritt stål ved legendariske Liaaen. Ståltakka kom aldri til nytte anna enn denne eine gongen.

– Guinness hadde nemleg ikkje den særnorske retten svele på sine lister, og har det så vidt eg veit ikkje no heller, ler smp.no si anonyme, men svært sentrale svelekjelde.

Hurtigruta forseinka

Vedkomande hugsar særleg godt ein episode kring rekordsteikinga:

– Skipperen og dei fleste passasjerane på Hurtigruta var mellom publikum. Skipperen såg at tida gjekk, men varsla at båten går ikkje utan skipper - og skipperen gjekk ikkje frå Ålesund før han har fått smake på Espelid-svela!

Deretter skal også maskinisten ha fyrt seg opp, han også:

– Eg vil også smake. Og utan maskinist om bord så går ho i alle fall ikkje frå kai. Korleis Felleskjøpet vil hamle opp med ein maskinist og ein hurtigruteskipper som nektar å sigle før dei får smake, attstår å sjå....

«Ettersvel»

Etter at denne saka sto på trykk har Smp.no vore i kontakt med Felleskjøpet i Volda for å høyre kva dei vil gjere no. Dei viser oss videre til Hilde Kristin Raudøy - ein av to «svelesjefar» under opninga, torsdag.

– Eg må innrøme at eg vart litt sur, då eg leste på Smp.no at det vi har trudd var rekord, ikkje er det, ler ho.

– Kastar de dykk rundt og ordnar større takke?

– Nei, det rekk vi ikkje, i og med at dette skal skje alt torsdag. Men, seier Raudøy, og held fram:

– Vi satsar på å slå nordfjordingane sin gamle rekord, som altså er 46 centimeter. Det har vi godt håp om å klare. Den andre «svelesjefen» - Lena Beate Brenne er nemleg superrøynd i svelesteiking som sjef for kiosken på ferjesambandet Volda - Folkestad.