Selskapet har fått ei rekkje pålegg, og betaler tvangsmulkt. Likevel held problema fram.

– Fjordlaks har ikkje hatt evna til å sette i verk naudsynte tiltak, seier Aud Skrudland, som er veterinær og spesialinspektør i Mattilsynet.

For mykje lakselus

Oppdrettarane i Romsdal og Nordmøre har lenge slite med for mykje lakselus. No slår Mattilsynet alarm også for delar av Sunnmøre. «Det har vore store overskridingar i lengre periodar på indre delar av Sunnmøre», står det i lakselusrapporten for 2015 frå Mattilsynet. I dette området er det berre ein aktør av omfang. Det er Fjordlaks Aqua, som driv produksjon av regnbogeaure. Selskapet har det siste året fått fleire pålegg.

Tvangsmulkt

– Det har vore utslaktingsvedtak, vedtak om å få lusenivået under tiltaksnivå, og det har vore brukt tvangsmulkt. Så vi har brukt det som er tilgjengeleg for oss av verkemiddel for å prøve å få lusenivået i Storfjorden under tiltaksnivå, for å beskytte naboanlegg og villfisk primært, men også med tanke på fiskevelferden til Fjordlaks Aqua sin fisk, seier Aud Skrudland i Mattilsynet.

– Er lusesituasjonen ute av kontroll i Storfjorden?

– Ja, det vil eg seie, når det er så høge lusetal på så mykje fisk over så lang tid, og selskapet ikkje greier å sette inn naudsynte tiltak så meiner eg situasjonen er ute av kontroll, seier Skrudland.

Krevjande fjord

Ho peikar på at Storfjorden skil seg ut frå andre område med stor oppdrettsaktivitet.

– Andre område vert tømt for fisk og brakklagt sonevis, slik at du får nullstille både i forhold til lus og andre sjukdomar, før du set ut ny fisk. Men det er vanskeleg i Storfjorden. Her er det kontinuerleg drift på eit relativt lite og litt lukka område, der straumen gjer at same vatnet beveger seg gjennom alle anlegga. Derfor er det krevjande når oppdrettaren då mister kontrollen.

Får ikkje nullstille

Det verkar som om smittepresset byggjer seg gradvis opp, fordi ein aldri får nullstille, seier Aud Skrudland.Spesialinspektøren i Mattilsynet er oppgitt.

– Vår verktøykasse er brukt opp, seier ho.