Sunnmøre politidistrikt melder fredag morgon at leiteaksjonen etter ein mann i 70-åra i området Grøndalen sørvest for Kalvatn i Volda kommune har vore utan resultat.

Mannen vart meldt sakna av familien torsdag kveld klokka 21 etter å ha gått på tur aleine.

– Leiteasjonen held no fram, men det har vore svært vanskelege leiteforhold i området i natt på grunn av ulendt fjellterreng og mørke, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunmøre politidistrikt fredag morgon.

Politiet har i natt leita saman med eit Sea-king-redningshelikopter, 30 personar frå Røde Kors, fire hundeekvipasjar frå Norske redningshunder og ein politihund frå Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politihelikopter

– Vi sett no inn politihelikopteret frå Oslo. Dei ankom klokka 10.30 og har fått tildelt aktuelt søkeområde. Fordelen med dette helikopteret er at det kan søke over eit stort område i bratt og ulendt terreng på relativt kort tid, seier operasjonsleiar John Bratland til smp.no klokka 10.50.

Ifølgje Bratland vil det være aktuelt å trappe opp med fleire bakkemannskap. Politiet jobbar med utgangspunkt i at mannen er i live.

– Derfor køyrer vi på med full styrke, seier operasjonsleiaren, som no også har kalla inn fleire redningshundar frå Ålesund.

NRK melder at det i 11-tida blir søkt i og langs Grøndalsvatnet.

Ved 15.15-tida seier operasjonsleiar Tor Andre Franck at leiteaksjonen framleis pågår med uforminska styrke. Politihelikopteret har no returnert til Oslo, men eit Sea King-helikopter er på veg tilbake til området.

Måtte få søvn

Hovudredningssentralen opplyser til smp.no klokka 09.20 at mannskapet på Sea King-helikopteret frå Florø no er tilbake på basen for å få seg nokre timar søvn.

Smp.no sin reporter fortel at Røde Kors blei alarmert klokka 21.30 i går og starta søk klokka 22.30. Ifølge aksjonsleiar Tormod Eldholm i Volda Røde Kors har det vore opp mot 40 mann involvert i aksjonen i natt.

– No er mannskapet skifta ut. På grunn av vanskelege leiteforhold i natt må vi begynne på nytt i dag, fortel Eldholm.

Gjør som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook

Bil lokalisert

No er Røde Kors-folk frå Ørsta, Volda, Stryn, Eid, Sørøyane, Stranda og Olden i aksjon. Ved 09-tida søkte om lag 25 personar etter den eldre mannen.

Eldholm fortel at det har vore svært tungt å gå i terrenget. Fungerande innsatsleiar Madz Åsebø seier at utgangspunktet for søket er bilen til mannen.

– Det er eit stort område å søke i med tanke på lite informasjon om kva slags retning turgåaren kan ha tatt, seier Åsebø.

Den sakna mannen skulle ha vore heime torsdag ettermiddag. Smp.no sin reporter på staden seier det er mykje bjørkeskog og kratt i terrenget.

To redningsaksjonar

Politiet meldte også at to kvinner hadde gått seg fast ved fjellet Rotsethornet i Volda torsdag kveld.

– Helikopteret er no på veg for å redde dei to kvinnene. Så håper vi å få helikopteret i søk etter den sakna mannen igjen straks etter dette, sa Harang til smp.no klokka 22.45.

Kvinner berga ned

– Vi har berga ned dei to kvinnene, fortel redningsleiar Edvard Middelthon ved Hovudredningssentralen klokka 23.12.

Etter det Middelthon har fått opplyst skal desse ikkje ha behov for medisinsk tilsyn. Politiet i Volda tek no hand om dei.

– No blir det full innsats i leitinga etter den eldre mannen, seier redningsleiaren til smp.no.

Det er Sunnmøre politidistrikt som koordinerer aksjonen.

Turglad mann

Det var rundt klokka 21 at politiet fekk melding om den sakna eldre mannen i området Grøndalen. Det skal dreie seg om ein turglad person som er fjellvant. Mannen skulle ha vore heime igjen for ei god stund sidan, opplyser operasjonsleiar Harang.

Mykje folk hjelp til

– Hjelpekorpsene har ca. 30 mann ute i søk, fortel Tormod Eldholm i Volda Røde Kors klokka 23.40.

Redningshundane er straks på plass og politiet har også med seg hund, ifølgje Eldholm.

Har du tips eller bilde? Kontakt oss på 95400400@smp.no eller telefon 95400400.

Smp.no kjem med meir.

Grøndalen ligger på vegen mellom Kalvatn og Eid. Foto: GOOGLE MAPS