Oppdatering: Like før klokka 18.30 fredag kan politiet fortelje at mannen er funnen omkomen.

Det er ein mann i 70-åra frå ein kommune på ytre, søre Sunnmøre som er sakna i området Grøndalen sørvest for Kalvatn i Volda kommune.

Ifølgje politiet skulle mannen mellom anna plukke bær på turen. Mannen blei meldt sakna av familien ved 21-tida torsdag kveld etter at han ikkje kom tilbake til forventa tid.

Både politihelikopter, eit Sea King-helikopter, store styrkar frå Røde Kors, hundeekvipasjar frå Norske redningshundar og ein politihund frå Sogn og Fjordane politidistrikt har vore med i leiteaksjonen.

Terrenget i området er bratt og ulendt, og natt til fredag var det vanskelege søkeforhold. Ved 11-tida blei det søkt i og langs Grøndalsvatnet.

Smp.no sin reporter på staden fortel at Røde Kors blei alarmert klokka 21.30 i går og starta søk klokka 22.30. Det har vore opp mot 40 folk involvert i aksjonen i natt, fortel Tormod Eldholm i Volda Røde Kors.

Politihelikopter

– Vi sett no inn politihelikopteret frå Oslo. Dei ankom klokka 10.30 og har fått tildelt aktuelt søkeområde. Fordelen med dette helikopteret er at det kan søke over eit stort område i bratt og ulendt terreng på relativt kort tid, sa operasjonsleiar John Bratland i Sunnmøre politidistrikt til smp.no klokka 10.50.

Ifølgje NRK var mannen i telefonkontakt med nokon i 15-tida torsdag ettermiddag. Etter dette er det ikkje konkrete observasjonar, og politiet ber om tips frå folk som kan ha sett noko.

Ved 15.15-tida fredag seier operasjonsleiar Tor Andre Franck at leiteaksjonen framleis pågår med uforminska styrke. Politihelikopteret har no returnert til Oslo, men eit Sea King-helikopter er på veg tilbake til området.

Bilen er funnen

Bilen til mannen er funnen parkert ved vegen over Heggjadalen, mellom Eid og Volda. Her finn ein eit populært frilufts- og turområde i grensetraktene mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Volda Røde Kors har hytte eit par hundre meter frå der bilen til mannen er funnen.

Grøndalen er utgangspunktet for mange flotte fjellturar, blant anna til Eidskyrkja, også kalla Kyrkjefjellet, 1482 meter over havet. Det er også fleire fjellvatn i området.