Sidan 2012 har ho sagt at når Tresfjordbrua opnar, så er det så stort at då kjem ho. Sigrun Hobbel er frå Tresfjord og bur på Austlandet. Broren Mathias Sylte bur i Tresfjord. Han er kjempepositiv til brua. Han har ikkje kjøpt el-bil og han er ikkje redd for at Tresfjord-bygda blir sperra inne av bompengar.- Eg har talt 15 trailerar på rekke og rad, der eg bur eit par hundre meter frå vegen. No blir det rolegare og trivelegare, særleg ute, seier hanSøstera Sigrun gjettar at det om eit par år blir eit årleg sykkelløp over brua og rundt fjorden, to og ei halv mil. - Det må jo vere glimrande, med utsikta her og alt.- Kva seier naboane dine i Hønefoss til at det blir brukt så mykje pengar på ei bru her?- Eg bruker å seie at laksen er Norges olje nummer to, og at det er svært store verdiar som blir frakta, seier ho

- Det blir mykje tryggare

Marit Therese Sørholt er også på plass under opninga saman med barna sine Oline (10) og Ingeborg (8).

- Det skal bli godt å bli kvitt all trailertrafikken, seier Marit. Jentene tenker mest på at det blir mykje lettare å besøke venninnene Sina (8) og Maja (10) på Remmem.- Vi kan ta med sparkesykkel på skulen og fare over brua etter skulen, seier dei to jentene frå Daugstad, som går på skule på Vikebukt.For mor Therese er det mest trafikken ho tenker på.- Det blir mykje tryggare når jentene skal krysse vegen. Og så støyen. Som regel kan vi ikkje ha oppe verandadøra og sjå på tv samtidig, seier ho for å illustrere kor mykje støy trafikken rundt Tresfjorden har skapt.

Sina (8) og Maja (10) frå Daugstad med mor Marit Therese Sørholt, og venninene Oline (10) og Ingeborg (8) frå Remmem. Foto: Alexander Worren.