Det som ligg bak er ynsket om å leggje ned skulen på Stette, for å spare pengar på drifta av kommunen.

Stette skule har vore tema i årevis, og i vår vart eit forslag om dette stemt ned.

Følg smp.no på Facebook

Vil slå saman

I denne omgangen skriv rådmannen at ho vil sende på høyring ei sak om å slå saman Stette barneskule med Skodje og Valle barneskule.

Dersom ein kommune skal endre skulestrukturen, skal saka handsamast etter bestemte reglar, for at alle syn og sider ved saka skal vere rimeleg kjent for dei som bestemmer. Dei som skal uttale seg er foreldre, fagforeining, tilsette, elevråd, grendelag og andre.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no

Fritt grunnlag

Bakgrunnen er ein vanskeleg økonomisk situasjon for Skodje kommune, og trongen for å kutte utgifter.

Dersom diskusjonen endar med vedtak om å leggje ned Stette skule, kan elevane verte sende til Skodje barneskule, eller delte mellom Skodje barneskule og Valle skule, for å utnytte ledig kapasitet.

<strong>SKODJE:</strong> Terje Vadset, Frp-ordførar i Skodje.