Ute ved kysten var det sterke vindkast og stiv kuling frå nord-nordvest tysdag.

I Nørvevika i Ålesund vart eit stativ med joller kasta 10 meter av vinden før det trefte eit anna jollestativ.

I Ålesund sentrum vart to seglbåtar redda medan dei låg med breisida mot vêret.

På Hellesylt og i Geiranger var det to cruiseskip som ikkje kom på grunn av vinden langs kysten.

På Ørsta-Volda lufthamn var det eit fly som ikkje kunne lande på grunn av vind og tåke.

I Måløy måtte dei stenge av ei gate fordi vinden tok tak i taksteinen.