– Det var veldig dårlig belegg på ruta mellom Ålesund og Las Palmas  i vinteren som var. Vi prøvar å få Norwegian til å satse ein sesong til, men det er ikkje avklart om det blir, seier lufthamnsjef Tor Hånde ved Ålesund lufthavn, Vigra til smp.no

– Eg var på eit møte med dei rett etter påske, og då fekk eg forhåpningar om at dei ville ta ein sesong til. Dei skulle ta beslutninga rundt 17. mai.

Norwegian starta vinterruta mellom Ålesund og Las Palmas i 2012.

– Det vil ikkje ha så stor betydning. Det går allereie to charteravgangar i veka til Gran Canaria, så dette er den tredje. Men eg håpar likevel at dei vel å halde fram med ruta, seier Hånde.

Lufthamnsjef Tor Hånde håpar Norwegian held fram med ruta mellom Vigra og Las Palmas. Foto: Eskild Flydal