Advokat Mette Ekroll Nyland er støtteadvokat for Sula-kvinna som blei overfallen i sin eigen heim natt til søndag.

Nyland har snakka med kvinna, som er prega av hendinga.

Utrygg

På vegner av den fornærma kvinna uttaler Nyland følgjande i ein epost til Sunnmørsposten måndag morgon:

- Fornærma er alvorleg skremd og kjenner seg utrygg. Ho håper politiet får inn tips frå publikum som kan føre fram til ei snarleg oppklaring. Det er nødvendig for at ho sjølv og andre i nærområdet etter kvart skal kjenne seg trygge i heimen sin igjen, skriv Nyland i eposten.

Vakthald

Det var i halv fem-tida søndag morgon at den eldre kvinna skal ha blitt overfalt og forsøkt valdteken i omsorgsbustaden der ho bur, på Vågstunet i Sula kommune.

Folk i området er utrygge, og det blir vurdert vakthald ved bustadene.

Kripos

Politiet ser saka i samanheng med ein annan alvorleg episode i Sula for vel ein månad sidan.

Ei anna eldre kvinne skal då ha blitt valdteken i heimen sin. Dette skjedde mellom 15. og 16. august.

Kripos er kopla inn i begge sakene.

Mette Ekroll Nyland er støtteadvokat for Sula-kvinna som hadde ei skremmande oppleving natt til søndag. Foto: Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard