- Dei er sikta for seksuell omgang med mindreårig. Vi har ikkje funne grunnlag for å ta ut siktelse for valdtekt, seier Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt til NTB.

- Alle tre erkjenner seksuell omgang med den fornærma jenta, men dei erkjenner ikkje straffskyld. Det knyttar seg til alder og utvikling, seier Kleiven.

To av dei sikta mennene er 19 år, medan den siste er 17 år gamal. Den fornærma jenta er 15 år gamal, får NTB opplyst.

Dei sikta har påberopt seg jevnbyrdigheit i alder.

- Alle tre har fortalt at det skjedde frivillig, seier Kleivn.

Ulike tidspunkt

Den fornærma jenta anmeldte fleire påståtte valdtekter i Nordfjordeid sentrum natt til søndag. Politiadvokaten fortel til NTB at den seksuelle omgangen har skjedd på ulike tidspunkt og på ulike stader i sentrum.

- Det er snakk om fleire åstader. Det betyr at alle tre ikkje har vore saman med ho samstundes, seier Kleiven.

Forsvarar: Tek saka tungt

Dei tre tenåringane blei avhøyrd og sett fri mandag. Dei er sikta for seksuell omgang med barn under 16 år, som har ei strafferamme med fengsel inntil seks år. Det var NRK som først melde om lauslatinga.

Reidun Sæle Kongsvik er forsvararen til ein av dei tre unge mennene.

- Han tek saka tungt, men er veldig letta over å vere ute igjen, seier ho.

Elisabeth Elliott er advokat til den andre som er sikta. Den tredje har ikkje ønska forsvarar.

- Klart det var ei lette for han å bli sluppe laus. Det har vore tungt å bli arrestert i ei slik sak, seier Elliott til Bergens Tidende.

Avhøyr på barnehus

Politiet satte søndag opp fleire sperringar i sentum av Nordfjordeid. Dei er no ferdig med åstadsundersøykingane, men fortsetter etterforskinga av saka. Avhøyr av fornærma vil skje i tida som kjem.

- Vi vil følge opp med dommaravhøyr av fornærmede. Det vil skje på barnehus. I tillegg ventar vi på medisinsk undersøyking, seier Kleiven til NTB.

Den 15 år gamle jenta har tilknytning til Nordfjordeid, men bur ein annan stad i landet. Dei tre sikta mennene er frå Nordfjordeid-regionen.

Les også: Tre tenåringar sikta i mogleg valdtektssak