12-avgangen frå Hareid er kansellert. Det er ordinær rute klokka 13, opplyser Norled.

MF Høgsfjord er erstatningsferje for MF Ullensvang, som er på årleg service fram til fredag morgon.

Også i går sleit «Høgsfjord» med å halde ruta. Ferja har plass til rundt 40 bilar færre enn «Ullensvang».

Forferdeleg år

- I alle dei år Fjord1, Hurtigruten og Tide hadde anbodet på dette sambandet, opplevde vi så godt som aldri slike forseinkar som det Norled har brakt til oss dei første fem månadane av 2015, seier Terje Høybakk i Maritim Foreining for Søre Sunnmøre (Mafoss).

- Sidan eg vart busett i Ulsteinvik i 1992, kan eg ikkje hugse at det har vore så mange hendingar på dette sambandet som vi har hatt no dei fem første månadane i år, seier ein svært frustrert Terje Høybakk til Smp.no.