Remøy Havfiske taper rundt ein halv million kroner i fangstinntekter kvar dag medan trålaren «Remøy» ligg i arrest i Murmansk. Trålaren blei nekta å forlate hamna i Murmansk den 10. mai, etter at Fiskeridirektoratet hadde krysse feil på eit skjema.

Det er lite truleg at selskapet vil få tilbake pengar frå forsikringsselskapet, melder NRK Møre og Romsdal.

– Dessverre, det vil det nok ikkje vere mogleg å gjere, for dette ser vi på som ein politisk risiko, og det er ikkje mogleg å forsikre seg mot, seier administrerande direktør Bjørn Harald Bakke i Møretrygd til NRK.

Fredag hadde utenriksminister Børge Brende møte med reiarlaget, Fiskebåt og ordføraren om saka, utan at det er meld om noko løysing på konflikten.

SISTE OM TRÅLARKONFLIKTEN: