MC-føraren har forklart at han skulle teste motorsykkelen for ein kollega som sleit med å få sykkelen til å gå. I ei 60-sone gjorde motorsykkelen eit hopp i farten, og føraren skal ifølgje forklaringa ha mista kontrollen på farten.

Han trakka på bremsa og blei vinka inn av ein politibetjent som hadde fartskontroll.

Politiet målte farta til 110 km/t.

Mannen i 30-åra har fått tilståingsdom i Møre og Romsdal tingrett.

Retten har merka seg at mannen køyrde 50 km/t for fort i ei 60-sone på ein sterkt trafikkert fylkesveg i Ålesund kommune.

Forholdet ville gitt fengsel i 18 dagar, men Høgsterett har opna for samfunnsstraff for fart på opp til 114 km/t i 60-soner.

Retten har dømt mannen til 30 timar samfunnsstraff, som skal gjennomførast i løpet av 90 dagar.

Han hadde to aktive prikkar frå før, noko som gir tre månader lenger tapstid på førarkortet. No må han klare seg utan førarkort i 18 månader og ta full ny førarprøve for å få det tilbake.