Politiet hadde fartskontroll i 70-sona på E39 på Veibust i Sula ein onsdag kveld i september.

Og ein 20-åringen frå Ålesund mista førarkortet på staden, etter at han blei tatt i 132 km/t.

Ungdommen har tilstått forholdet. I retten forklarte han at han ikkje veit kvifor han køyrde så fort, men han hadde krangla med nokon tidlegare på kvelden og var lei seg.

Møre og Romsdal tingrett har dømt mannen til 18 dagar fengsel.

Han må også klare seg utan førarkort i 23 månader.

Fem av månadene er lagt til i tapstida fordi han hadde seks prikkar i førarkortet frå før. Desse prikkane hadde han fått på grunn av bruk av mobiltelefon.

Vilkår for å få igjen førarretten er at han må ta opp igjen heile førarprøva.