Aktor Jogeir Nogva la ned påstand om fengsel i åtte år og seks månader for ein familiefar som står tiltalt for seksuell omgang med mindreårige born.

Samstundes meiner han at ekskona - og mor til barna - bør fengslast i tre år og ni månader.

Til frådrag for mannen kjem 435 dagar i varetekt, og 29 dagar for kvinna.

– Det er ei graverande sak med svikt i heilt fundamentale omsorgsfunksjonar, sa Nogva.

Mannen bør likevel få strafferabatt for å ha tilstått, meiner Nogva. Han peikte på at dette hadde betydd mykje for dei fornærma. Utan tilståinga, ville påstanden vore på mellom ti og elleve år.

Tydeleg redde

Mor til barna, som er frå utlandet, har derimot ikkje vedgått straffskuld for den alvorlege tiltalen om vald mot eigne barn. Ho har vedgått å ha slått barna, men angrar ikkje. Tvert imot har ho gitt uttrykk for at det trengdest.

– Ho var i ein fortvilt situasjon, åleine i Norge og hadde berre mannen, men dette må tonast ned samanlikna med grovheita i ei slik handling, sa Nogva som også meiner det er straffskjerpande at kvinna var med og la til rette for overgrep mot si eiga dotter.

I prosedyren trekte aktor også fram vitneforklaringar som byggjer opp om tiltalen om at mora har slått barna sine og at dei tydeleg har vore redde henne.

Retten held fram med fleire prosedyrar utetter dagen. Dei to forsvarsadvokatane, samt støtteadvokaten skal halde sine prosedyrar før rettssaka blir avslutta.

Omfattande materiale

Saka mot mannen kom opp etter at norsk politi blei kontakta av politiet i Canada.

Tiltalen mot mannen gjeld overgrep gjennom ein periode på 10 år - fram til arrestasjonen i fjor.

Filma overgrep

Gjennom heile perioden handlar det om valdelege og krenkande overgrep som påtalemakta meiner har karakter av mishandling av ei stedotter. Dei siste sju åra skal også ei dotter og ein son ha fått den same behandlinga.

Mannen er også tiltalt for ha hatt  samleie både med dottera og stedottera ved fleire høve – på tidspunkt då dei var godt under under 14 år gamle. Fleire av desse overgrepa skal ha vorte tekne opp på video.

Aktor er statsadvokat Jogeir Nogva (t.v.). Foto: Anne-Mari Tomasgard